Forureining frå gruvedrift påverkar 23 millionar menneske

Millionar av menneske rundt i verda lever i område som er forureina av giftig avfall frå gruvedrift.

Synne Ulltang
Publisert

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior.

Britiske forskarar har sett nærmare på metallgruver og rekna på kor mykje forureining som kjem frå dei, skriv BBC. Kjemikaliar kan lekke frå gruvedrifta og hamne i jorda og i elvene. Viss det hamner i elva, kan forureininga fraktast langt. Avfallsstoff kan bli liggande i elvesletter, der menneske og dyr bur, og der det blir dyrka mat.

Ved å sjå på elver og elvesletter i nærleiken av aktive og nedlagde gruver, fann forskarane ut at 23 millionar menneske lever i område som er forureina av avfallsstoff frå gruvedrift.

Forstår betre korleis forureininga påverkar område

Etterspurnaden av metall som litium og kopar aukar, så det er særleg viktig at nye gruver må planleggast nøye for å prøve å unngå at kjemikaliar hamnar i naturen.

Studien kan brukast til å betre forstå korleis forureining frå gruvedrift flyttar på seg og korleis avfallsstoffa blir lagra i naturen. Viss ein veit om for eksempel elvesletter som er sterkt forureina, kan ein dermed åtvare mot å bruke områda som beitemark for dyr.