Folkebiblioteka mest populære

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har dei mest nøgde brukarane

Innbyggjarundersøkinga som i dag vert lagt fram av Difi (Direktoratet for forvalting og IKT), viser at folkebiblioteka er den mest populære offentlege tenesta i Noreg. Undersøkinga viser at biblioteka står sterkt i heile folkesetnaden og vert sett stor pris på av dei som bruker tenesta. Biblioteka deler førsteplassen med brannvesenet – begge fekk 88 av 100 mulege poeng av brukarane sine.

– Dei norske folkebiblioteka er ei suksesshistorie. Det at eit offentleg tenestetilbod oppnår så høg grad av tilfredsheit er unikt og bør vera ei oppmuntring for lokalpolitikarar i heile landet til å styrkja og utvikla bibliotektenestene sine vidare, seier direktør i Nasjonalbiblioteket Aslak Sira Myhre i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Molde er årets bibliotek

Viktigare møteplass

På dei fleste delområde viser undersøkinga svært høg tilfredsheit med folkebiblioteka. Det gjeld område som tilgjengelegheit, tilbod og service. Funksjonen til biblioteket som møteplass og kultur- og arrangementsarena har meir å seia enn ved førre undersøking frå 2013.

Frå 1. januar 2014 fekk biblioteka i oppgåve å vera ein arena for offentleg samtale og debatt.

LES OGSÅ:– Avgjerande tiår for biblioteka

Betre skule og helse

Brukarane er meir nøgde med skular og universitet no enn tidlegare. Også sjukehus, fastlege og legevakt opplever ein auke i tilfredse brukarar.

På den andre sida er brukarane blitt noko mindre nøgde med NAV, politi og skulefritidsordninga.

LES SISTE BOKNYTT HER!