Festival i dei vakraste omgivnader

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noregs vakraste festivalscene?

Det var ikkje mangel på positiv tilbakemelding frå internasjonale band- og gjestar til Indiefjord fest på Bjørke i helga.

– Eg er heilt overvelda og rørt over tilbakemeldingane og frammøtet til festivalen. Vi har jobba svært hardt den siste tida, og no får vi løn for alt strevet, seier arrangør, Silja Haddal Mork.

LES OGSÅ: Skaper liv med indiepopfestival

Stort program
Frå morgon til kveld var det liv og røre på Bjørke i helga. På dagtid på laurdag kunne ein mellom anna vere med på gratiskonsertar i Notanaustet, kaffibrygging, pizzalaging på Bakketunet, og fotturar til Tussafossen.

Sistnemnde var det over 50 gjestar som var med på. Dei var hovudsakleg utanlandske. Ivar Mork var guide og historieforteljar på vegen opp.

– Det var imponerande at så mange vart med på turen sjølv om dei ikkje er så vande med å gå i fjellet. Turen gjekk fint og eg fekk inntrykk av at dei syntest dette var noko av det vakraste dei hadde vore med på. Mange bada i fossen, og syntest det var svært å kunne drikke vatnet rett frå elva, forklarar Mork.

Øystein Salhus frå Høgskulen i Volda fekk æra av å opne konserten i Notanaustet laurdag.

– Det var kjempekjekt at eg vart spurd til dette, og eg er svært glad for å vere her.

Vidare var det konsertar i naustet med artistar frå England og Sverige.

– Dette er den mest spektakulære festivalen eg har spelt på gjennom heile livet mitt, sa Owen Radford-Lloyd frå bandet «The French Defence» til publikum i Notanaustet.

LES OGSÅ: Kreativ problemløysar

Imponert
– Vi har gått tom for ord. No veit vi kva vakker natur betyr, fortel bandmedlemma frå «Enderby´s Room» og «Owl & Mouse».

Desse var med på turen til Tussafossen, der dei fekk bade under fossen. Dei fekk ikkje nok av alt det reine vatnet, og hoppa rett som det var i sjøen også under intervjuet.

Eirik Nilssen frå Ålesund flytta til Bjørke for om lag eit år sidan. Han er svært imponert over samhaldet på Bjørke.

– Det er ei dugnadsånd utan like her på Bjørke. Stemninga er alltid god, og der er ikkje vanskeleg å få folk til å stille opp, fortel altmoglegmann Eirik Nilssen.

Sjå fleire bilete frå festivalen i Møre-Nytt.


I heimen: Fleire gjestar og band fekk overnatte i huset til Ivar Mork. Her kunne alle som trengde kome innom å få informasjon og hjelp, eller setje seg ned og ete eller slappe av. Foto: Malene Romestrand