Energi Norge: Noreg vil ikkje nå klimamålet innan 2030

– Den brutale bodskapen i rapporten er at vi mest sannsynleg ikkje kjem til å nå målet. Vi er rett og slett for seint ute, seier Knut Kroepelien i Energi Norge til E24.

Han er administrerande direktør i bransjeorganisasjonen Energi Norge, som kvart år måler kor langt Noreg har komme med å omstille samfunnet til å gå på fornybar energi.

Sidan 2010 har delen fornybar energi berre auka med 5,4 prosentpoeng.

Ifølgje barometeret vil ikkje Noreg nå klimamålet om 55 prosents utsleppskutt innan 2030 – fordi delen bruk av fornybar energi er for låg.

For å oppnå målet til regjeringa om 55 prosents kutt innanlands i 2030 samanlikna med 1990, treng Noreg ein fornybardel på rundt 80 prosent.

I 2021 var fornybardelen i Noreg på 52,1 prosent.

Trur du Noreg når klimamålet innan 2030?

Trur du Noreg når klimamålet innan 2030?

Nei, det er umogeleg.9
Ja, eg har trua!3
Veit ikkje heilt. 2
Kva er klimamålet?3
Svar totalt: 17

Illustrasjonsfoto: Venti Views/Unsplash