Elevorganisasjonen-Aslak (20) ville invitert Tolkien på Toro-suppe

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I elevrådet på ungdomsskulen min kjempa vi mykje for å få morrpølse i skulekantina vår, minnest Aslak Berntsen Husby (20).

Han tenkjer tilbake på saka som først gjorde at han vart engasjert. Elevane på skulen var samde i morrpølse-saka og ho viste Husby kor samla elevstemma kan vere.

– Vi vann ikkje saka, men introduksjonen min til Elevorganisasjonen det same året og kor viktig elevstemma skal vere i skulen, gjorde at eg sat igjen med tanken om at elevrådet vårt vart snytt for morrpølse i kantina.

Kort tid etter vart Husby tillitsvald i EO, og på landsmøtet i mars vart 20-åringen vald til ny leiar av heile organisasjonen.

68-arane

20-åringen frå Sunndalsøra fortel at det viktigaste for han som leiar er at dei tillitsvalde veit at han berre er ei telefonsamtale unna:

– Om ein akkurat kom inn i organisasjonen eller om ein har vore her i ei årrekkje, vil eg at den telefonsamtala med meg skal vere like tilgjengeleg for alle.

Husby fortel at han ser opp til personar som står opp for det som er rett:

– 68-arane er ganske store for meg. Å stå i ein storm, men framleis kjempe for det du veit er rett er det som inspirerer meg mest.

68-arane er studentane som mot slutten av 60-talet og på byrjinga av 70-talet tok til gatene for å demonstrere – først på grunn av misnøye med studiestadane, men òg for betre sosiale forhold og internasjonal solidaritet.

Drøymer om ein skule utan fråværsgrense og mobbing

– Kva er dei viktigaste sakene for Elevorganisasjonen i 2022?

Erstatt eksamen, fjern fråværsgrensa og få ein gratis skule. Dette er det medlemmane våre bryr seg mest om. Sjølv om dei har vore årelange kampar, er det framleis eit like stort ønske blant norske elevar om at desse tre sakene skal verte vunne.

Om han hadde vakna opp til si draumenyheit i morgon, hadde overskrifta vore: «Fråværsgrensa vert avskaffa!» 

– Etter å ha jobba med saka sidan ho kom i 2015, er det få nyheiter som hadde gjort meg meir stolt. Er ein stor siger for elevrørsla og ein personleg siger for meg, utdjupar den påtroppande elevleiaren.

Husby si eiga hjartesak er ei trygt skulemiljø utan mobbing.

– Å ha det bra på skulen er ein føresetnad for å lære. Dessverre er ikkje skulen ein trygg og god stad å vere for alle i dag.

Tomatsuppe med Tolkien

På fritida heng Aslak Berntsen Husby med vennar, ser på filmar eller seriar og spelar dataspel i ny og ne. Den største tidstjuven i kvardagen hans er TikTok:

– Appen syg opp ein halvtime av tida mi raskare enn eg evnar å få med meg nokre gongar.

Omslag: Pax forlag

20-åringen held seg oppdatert ved å lese nettaviser, noko han automatisk gjer når han har eit ledig minutt.

Om der er ei bok han meiner alle burde lese, så er det Kafka på stranden av den japanske forfattaren Haruki Murakami.

– Det er folka i boka eg finn mest interessant. Spesielt hovudkarakteren Kafka som rømmer heimanfrå likar eg veldig godt. Det var den første boka som gav meg leseglede, og eg ønskjer først og fremst at alle skal oppleve det same.

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kva ville du servert?

Det hadde fort enda med å ta Toro tomatsuppe på ein tur med J.R.R. Tolkien. Få ting eg ser så ofte som Lord of the Rings-trilogiane, og å få heile historia og mannen bak er noko eg kunne tenkt meg.

– Kva er idealsamfunnet, og korleis når vi det? 

– Idealsamfunnet er eit demokrati der alle deltek. Det viktigaste då er å skape ein skule på elevane sine premiss, som gjev oss dei beste samfunnsborgarane vi kan ha. Det er skulen som er starten på idealsamfunnet.

Fem kjappe:

HUND ELLER KATT? – Hund! Er allergisk mot katt, så er eit ganske enkelt val.
Foto: Alvan Nee, Manja Vitolic, Unsplash.com

NEW YORK ELLER HYTTETUR? New York.
Foto: Dan Calderwood/Luke Stackpoole, Unsplash.

TACO ELLER PIZZA? Pizza, men berre med rømmebotn.
Foto: Miguel Andrade/ Krisztian Tabori, Unsplash.com

GAME OF THRONES ELLER FRIENDS? – Game of Thrones. Aldri sett Friends, sjølv om han er på lista mi over seriar å sjå. 
Foto: Helen Sloan/HBO, HBO Max.

ED SHEERAN ELLER BILLIE EILISH.
Foto: Harald Krichel/Wikimedia Commons/CC BY-SA 3.0 , Lars Crommelinck Photography/Flickr/CC BY 2.0

Fakta

Frå: Sunndalsøra, Møre og Romsdal

Alder: 20 år

Yrke/utdanning: Påtroppande leiar av Elevorganisasjonen, uteksaminert av Sunndal VGS i 2021

Favorittfag på skulen: Matematikk

Ulike verv: Vore tillitsvald i Elevorganisasjonen sidan 2017. Hatt verv i elevråd og ungdomsråd i heimkommunen.