Det grøne skiftet er årets ord

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 23.10.2017 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Uttrykket det grøne skiftet er årets ord i 2015 . Det grøne skiftet er det meste brukte nyordet i år.

Kvart år kårar Språkrådet og Gisle Andersen, professor ved Noregs handelshøgskole (NHH), årets ord. Det kan vera eit nyord eller ord av nyare dato som har prega året. Klimaspørsmål har i løpet av dei siste åra prega nyhendebiletet også språkleg. Det grøne skiftet er eit fast uttrykk som har vore noko i bruk i eit par år før det verkeleg slo igjennom i 2015 .

– Når vi lagar nye ord, kan det skje på ulike måtar, òg ved at enkeltord finn saman i faste uttrykk som det grøne skiftet. Det grøne skiftet er eit godt døme på at grunnleggjande samfunnsendringar skapar viktige og varige nyord. Det har gode språklege kvalitetar, og vi meiner det er kome for å bli i språket, seier Ole Våge, seniorrådgjevar i Språkrådet i ei pressemelding frå Språkrådet.

LES OGSÅ: Framandkrigar er årets nyord

Skal både vera aktuelt og levedyktig
Dei skriv vidare at dei mellom anna har brukt dataverktøy som fangar opp nye ord frå alle dei store riksmedia og ei rekkje regionaviser i arbeidet for å finna årets ord. Kriteria for å velja ut årets ord er at det skal vera hyppig brukt i år, det skal òg vera aktuelt, kreativt, levedyktig og ha gode språklege kvalitetar.

Sjå resten av topp 10-lista over årets nyord i faktaboksen.

LES SERIEN VÅR OM DET GRØNE SKIFTET!

Faktaboks

Ti på topp

det grønne skiftet / det grøne skiftet
flyktningdugnad
oljesmell
trinnskatt
utslippsjuks/utsleppsjuks
straksbetaling (også kalt vennebetaling)
tasteplass
pappakropp
nettvarde
asylbaron