Barnehagebarn synest dei vaksne er for travle

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- Dei vaksne er for travle

I ei fersk undersøking frå NTNU svarer to av fem barn mellom fire og seks år at dei synest det er berre «sånn passe» å gå i barnehagen. Sjølv om ein av ti ikkje liker det så godt, er det overraskande mange barn som ikkje er så nøgde, seier seniorforskar Åse Bratterud til Dagsavisen.

Tre av fem meiner at dei vaksne har for dårleg tid, og over halvparten oppnår ikkje kontakt med ein voksen når dei treng det. Nær ein tredel av ungane seier at dei vaksne aldri leiker med dei, verken ute eller inne. Eit fleirtal av borna seier òg at dei får skjenn av dei vaksne, særleg når barna kranglar eller plagar andre.

– Barnehagane bør ta meir på alvor at barna treng åleinetid med vaksne. Det er det mange barna som saknar, seier Bratterud.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) ser på rekruttering til førskolelæraryrket som den store utfordringa i barnehagane. (©NPK)