Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 13.01.2020 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka har sosiale medium eksplodert med sorg, sjokk og vantru over dei enorme mengdene skogbrannar i Amazonas i Brasil. Emneknaggen #prayforAmazonia har synt ei heil verd som er uroa over at «verdas lunger» står i brann.

Siste nytt i saka er at Brasil ikkje vil ta imot hjelpa som G7-landa har løyvd for til sløkkingsarbeidet.

No oppmodar kjendisar og organisasjonar folk til å også handla – ikkje berre be for regnskogen.

Ein av desse er Leonardo DiCaprio som i juli starta Earth Alliance saman med forretningskvinna Laurene Powell Jobs og filantropen Brian Seth. 23. august lanserte dei sitt Amazonas-fond på fem millionar dollar (omlag 45 millionar norske kroner), for å samarbeida med urfolk og lokale grupper.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

#Regram #RG @rainforestalliance: The lungs of the Earth are in flames. ? The Brazilian Amazon—home to 1 million Indigenous people and 3 million species—has been burning for more than two weeks straight. There have been 74,000 fires in the Brazilian Amazon since the beginning of this year—a staggering 84% increase over the same period last year (National Institute for Space Research, Brazil). Scientists and conservationists attribute the accelerating deforestation to President Jair Bolsonaro, who issued an open invitation to loggers and farmers to clear the land after taking office in January.⁣ ⁣ The largest rainforest in the world is a critical piece of the global climate solution. Without the Amazon, we cannot keep the Earth’s warming in check. ⁣ ⁣ The Amazon needs more than our prayers. So what can YOU do?⁣ ⁣ ✔ As an emergency response, donate to frontline Amazon groups working to defend the forest. ⁣ ✔ Consider becoming a regular supporter of the Rainforest Alliance’s community forestry initiatives across the world’s most vulnerable tropical forests, including the Amazon; this approach is by far the most effective defense against deforestation and natural forest fires, but it requires deep, long-term collaboration between the communities and the public and private sectors. ✔ Stay on top of this story and keep sharing posts, tagging news agencies and influencers. ⁣ ✔ Be a conscious consumer, taking care to support companies committed to responsible supply chains.⁣ Eliminate or reduce consumption of beef; cattle ranching is one of the primary drivers of Amazon deforestation. ✔ When election time comes, VOTE for leaders who understand the urgency of our climate crisis and are willing to take bold action—including strong governance and forward-thinking policy.⁣ ⁣ #RainforestAlliance #SaveTheAmazon #PrayForAmazonia #AmazonRainforest #ActOnClimate #ForestsResist #ClimateCrisis ?: @mohsinkazmitakespictures / Windy.com

Et innlegg delt av Leonardo DiCaprio (@leonardodicaprio)

Kva kan du gjera?

Opplys deg sjølv og andre

Di fleire som veit om krisa, di meir kan gjerast.

Kan du portugisisk kan du følgja med på Brasil sitt nasjonale institutt for romforsking (INPE) sider, som brukar satelittbilete og held oversikt over brannane. På denne nettsida kan du plotte inn din eigen heimstad og sjå kor fort området ville brent om det var Amazonas.

Du kan også sjekka ut Amazon WatchCNN og Info Amazonia, i tillegg til norske nyhendemedium for å få meir informasjon om saka.

Les og lær, del kunnskapen på sosiale medium, snakk med folk eller skriv debattinnlegg i aviser.

Gjenbruk og resirkuler

Ver medviten når du kjøper papir-produkt, og vel produkta med høgast mengd resirkulert innhald. Er det mindre etterspurnad, vil det også bli mindre nedhogging. Det finst også tre-fritt papir, som er laga av halm, hamp og anna.

Ein kan også bruka meir tøyposar, tøyhandkle og -klutar framfor eingongspapir og -papp.

Unngå også å kjøpa møblar eller anna laga med tropisk tømmer. Tømmarhogst er ein av dei største truslane mot regnskogen.

Et mindre biff

Illustrasjonsfoto: Unsplash / Jez Timms

I Amazonas er kvegdrift og soyadyrking nokon av hovudårsakane til avkoging. Greier du å redusera kjøttforbruket ditt, kan det dimed hjelpa avskoginga.

Rundt 500 000 tonn soya frå Brasil blir årleg brukt i fôret til laks, storfe, kylling, svin og sau i Noreg. Mesteparten av soyaimporten til Noreg, kjem frå Brasil.

Kvart år blir det importert soyaprodukt til fôrindustrien i Noreg, frå omlag 1 millionar tonn soyabønner, ifølge Regnskogfondet. For å dyrka dette krevst det landområder på rundt 3000 km2.

Doner pengar

Det finst ein drøss med organisasjonar som jobbar med å få ned avkoginga og gi urfolka fleire rettar til skogen. På Facebook har innsamlingar til Amazonas vorte ein av dei mest populære å gi til i desse dagar. Allereie har Regnskogfondet samla inn snart 8 millionar kroner på Facebook-innsamlinga som starta 22. august. Så det monnar!

Dette er nokre av dei internasjonalt anerkjende organisasjonane ein kan støtta: Amazon Conservation Association, Amazon Conservation Team, Amazon Watch, Rainforest Foundation US, Rainforest Trust og Rainforest Action Network.

I tillegg har me norske Regnskogfondet og Greenpeace Norge.

Ved å donera pengar til slike organisasjonar kan ein hjelpa dei som jobbar med dette kvar dag til å betra situasjonen, anten gjennom å plata tre, kjøpe land og verna det, jobba politisk og anna.

Bli frivillig

Det er få av oss som kan reisa ned og vera med å slukka brannane, men ein kan bidra på andre måtar. Til dømes kan du melde deg til ulike organisasjonar i Noreg som Regnskogfondet og Greenpeace Norge, for å høyra kva du kan bidra med.

Still investorar til ansvar

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Sjekk banken din for om dei har avskogingsselskap i sin portefølje. Ifølgje Regnskogfonet investerer Oljefondet og bankar som Nordea, DNB, Danske bank, KLP og Storebrand i «Bunge». Det er eit soyaselskap som har drive med avskoging fleire stader i Sør-Amerika.

Du kan kontakta desse og be dei pressa Bunge og andre selskap til å stoppa avskoginga. Eller du kan bruka forbrukarmakta di og byta bank.

Du kan også be andre bedriftar om å ikkje kjøpa og selga produkt som øydelegg regnskogen. Send e-post, skriv på Facebook-sida deira, tag dei i sosiale medium eller ring.

Krev politisk handling 

Ta kontakt med politikarar og engasjer dei til å gjera det dei kan. Dette er i stor grad eit politisk spørsmål, særleg med tanke på norsk lakseoppdrett og storfe-hald.

Under G7-møtet dei siste dagane, har brannane i Amazonas blitt heftig diskutert. Den franske presidenten Emmanuel Macron har kunngjort at G7-landa løyver 180 millionar kroner til sløkkingsarbeidet, men det har Bolsonaro takka nei til. Det melder NTB og NRK tysdag morgon.

I tillegg har president i Colombia, Ivan Duque, sagt at han vil ta opp høve til å laga ein naturvernavtale i FNs generalforsamling.

Du kan også støtta arbeidet ved å skrive under på oppropa frå Avaaz og Greenpeace.

Kjelder: Fremtiden i våre hender, Regnskogfondet, NRK, Business insider

LES OGSÅ: Amazonas står i full fyr. Tusenvis av meldingar er delt under #PrayforAmazonia på Twitter etter over to veker med skogbrannar i Amazonas.

Amazonasskogen brenn og #prayforamazonia har tusenvis av tweets på Twitter. Illustrasjonsfoto: Matt Howard/Unsplash.com