«Tågskryta» og «smygflyga» er blant årets nyord i Sverige

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det svenske Språkrådet og Språktidningen har lagt ut ei liste med 35 nye svenske ord frå 2019.

– Fleire av orda handlar om klimatilstanden, som «Gretaeffekten», «klimatnödläge», «klimatdiktatur» og «klimatstrejk», seier Ola Karlsson, nyordsredaktør i det svenske Språkrådet i ei pressemelding.

Årets nyord som har skapt mest merksemd er flyskam. Ordet har gjeve opphavet til store  diskusjonar og har gjeve nye ord som «smygflyga» som betyr å fly, men ikkje snakka om det, og «tågskryta», å snakka om å ta toget i staden for fly.

Ordet flyskam er for lengst blitt norsk, og har òg blitt eksportert til mange andre språk i verda – som «flight shame» på engelsk, «Flugscham» på tysk, «vliegschaamte» på nederlandsk, «flugviskubit» på islandsk og «vergüenza» på spansk.

Framtida.no skreiv i januar om eitt nyttårsforsett der 20.000 svenskar lova å ikkje fly i 2019. I sommar kom meldinga om eit dramatisk fall i svensk flytrafikk.

Maja Rosen

På Flightradar24.com kan ein sjå alle flya i sanntid. Maja Rosén er redd for kva all flyginga vil gjere med kloden, og har derfor starta ein kampanje der målet er å få flest mogleg til å halde seg på jorda i 2020. Foto: Skjermdump frå flightradar24.com/Maja Rosén