Mailiss Solheim
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Natur» vert slepp 9.mars, men allereie fredag 19.januar får vi ein smakebit på det som venter, med singelsleppet «Unge Kniva». I den anledning har me slått av ein prat med to av medlemmane, Kristoffer og Aslak.

– Korleis har det vore å jobbe med andreplata?

– Det har vore ei litt ny oppleving for vår del. Vi har nok aldri lagt ned så mykje tid, «spenitos», frustrasjon og glede i noko vi har spelt inn tidlegare. Vi brukte god tid – og det trengte vi. Då fekk vi verkeleg jobba godt, og vi sit att med ei skive vi ikkje kunne ha vore meir stolte av, fortel Kristoffer – bandet sin blide og energiske bassist.

– Korleis vil de seie at de har utvikla dykk sidan «Finnmark»?

– Vi har vidareført det som ligg naturleg og nært – og berre skrudd opp til 11. I «Natur» utfordrar vi meir enn kva vi har gjort tidlegare. Vi har tøygd strikken, eksperimentert og blåst av opptil fleire kilo rockebombe fylt til randen av maskingevær-riffage, og hard og deileg vokal. Vi har jobba ein del med lydbiletet denne gongen, det vert stort, og fansen vår kjem til å like det, fortsett Kristoffer.

Den nord-norske, hardslåande kvintetten er kjend for sitt særpreg, og ein del av dette er at dei syng på dialekt.

Kan de seie noko om kvifor de har vald å ha tekst på norsk?

– Når vi starta det som skulle verta Ondt Blod, var eg veldig klår på at eg kom til å skrive og synge på norsk. Når du skriv på norsk, kjem teksten umiddelbart mykje nærare både lyttar og tekstforfattar. Du vert fort tatt for klisjear og meiningslause frasar, og du kan ikkje gøyme deg bak ein fin melodi, noko som ikkje er ein sjølvfølge når du syng på engelsk. Det har også vore viktig for oss å vere eit band med nord-norsk identitet, noko som gjorde valet å synge på dialekt naturleg. Så får vi heller gremmes når vi er vaksne og avdanka, og innser at vi valde særpreg, kunstnarisk kvalitet og integritet framfor dei millionane av kroner vi openbert hadde tent på å synge på engelsk, fortel vokalist og frontfigur Aslak.

I pressemelding og i konsertinformasjon vert «Natur» omtala som «eit samisk skrik frå kolonien, eit kamprop mot ein fortsett pågåande fornorsking og kolonisering», og Aslak opptrer gjerne ikledd den samiske folkedrakta.

– Kvifor er det samiske så viktig for dykk?

– Ondt Blod vert jo omtala, i tide og utide, som «Nord-Noreg sin stoltheit» (i alle fall ein gong), og å vise samisk identitet er ein naturleg del av det. For meg representerer det samiske syntesen mellom det nære; familie og identitet, og det politiske. Samar, og særleg sjøsamar, har vore gjennom så mykje drit, og blitt fråteke språk, land og identitet. Eg trur at for mange er det ikkje berre eit historisk faktum, men og ei personleg historie. Om kvardagsrasismen og om å få juling fordi du har på kofte på 17.mai. For meg er det eit «statement» når eg speler i kofta: identitet og posisjon vert gjort ved fyrste blikk, og det må tilskodaren ta stilling til. Om det i tillegg kan inspirere andre unge til å gi faen, ta på seg kofta, og kome seg på scena og skrike – så er det eit pluss! poengterer Aslak.

De har annonsert turnedatoar utover vinteren og våren. Kva kan publikum forvente av dykk på denne turneen?

– Dei kan forvente seg eit Ondt Blod i toppform. Heilt sidan vi var ferdige i studio (hausten 2017) har vi grinda det ut på øvingslokalet, time etter time. Vi gler oss stort til å kunne vise fram dei nye låtane. Vi skal spele både nye og gamle låtar – og har som målsetting å jamne dei fleste speleplassane med jorda. Det vert vår fyrste eigne noregsturné, så vi kjem til å ta med oss nokre sinnsjukt kule band/artistar, litt etter kvar i landet vi er. Klish skal mellom anna vere med på release-konsertane våre i Tromsø og Oslo – det vert kult! konstaterer Kristoffer.

– Til sist, vil de dele eit «favoritt-studio-minne»?

– Det må ha vore då Aslak gjekk full-on «sápmimode» på den siste sessionen vi hadde, og joika for fyrste gong, og NAILA det! Då rann det ei lita stoltheitståre. Det kan høyrast i all si prakt 9.mars på sistesporet «Giron», avsluttar Kristoffer.

Då er det ikkje anna å gjere, enn å glede seg til 19.januar, 9.mars og neste gong Ondt Blod speler i ein by nær deg, klar med kilostunge rockebomber, samiske kamprop, utan tekstlege klisjear og med eit perfeksjonert lydbilete.