Ytrings­fridomen er truga i Spania

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein million nordmenn vitjar Spania kvart år. Jamvel om landet synest å vera eit pastellfarga paradis mellom det turkisblå havet og den mørkeraude raudvinen, bør ein verkeleg hugsa på å ikkje koma i skade for å brenna det spanske flagget, jamvel om det i 2008 vart lov å gjera slikt her heime i Noreg.

Gjer ein noko slikt i Spania, kan ein reisa heim att med ei bot på 30.000 euro, seier lova som regjeringa hevdar skal taka vare på «tryggleiken til borgarane».

Det byrja med finanskrisa. Spania var mellom dei landa som vart råka hardast, og som reaksjon på økonomiske innstramingar og ei arbeidsløyse på 27 prosent har tusen på tusen av spanjolar teke til gatene for å demonstrera mot det mange meiner har vore ei lite gjennomsynleg offentleg handsaming av krisa, mot økonomisk ulikskap i landet, mot fattigdomen, mot troikaen EU-kommisjonen, IMF og den europeiske sentralbanken ESB, for ikkje å seia mot regjeringa.

Etter tal frå spanske styremakter var det meir enn 14.700 demonstrasjonar i spanske gater i 2012. Berre i Madrid var det 3419 slike demonstrasjonar; i 2013 var det 4354.

Økonomane og sosiologane talar om ein tapt generasjon: I fjor var heile 56 prosent av dei unge mellom 15 og 30 år arbeidslause i Spania. Er det noko dei unge har, er det tid og vilje til å demonstrera.

Dei fleste protestane har gått fredeleg føre seg, men ikkje alle. Tidlegare i år vart til dømes 101 menneske skadde i ein demonstrasjon i Madrid, 67 av dei var politimenn. 29 menneske vart arresterte.

Men skal ein tru ein ny rapport frå Amnesty International, er det politiet som har vore både fyrst ute og mest ivrige til å nytta vald, for ikkje å seia ivrige til å arrestera folk. Den nye lova vert ikkje nytta til å tryggja borgarane; ho vert nytta til å bryta menneskerettane, skriv Amnesty i rapporten.

Utarmar rettsstaten
For å gjera noko med alle demonstrasjonane presenterte det konservative regjeringspartiet Partido Popular eit nytt lovframlegg i fjor haust: «Ley Seguridad Ciudadana», ei lov om tryggleik for borgarane.

Sidan lova vart lagd fram, har ho vorte møtt med massiv kritikk. Kvifor? Av di ho gjer det mogeleg for politiet å gje folk opp til 30.000 euro i bot for å fornærma Spania, spanske symbol og institusjonar, anten ein gjer det på internett eller i demonstrasjonar. Det vart ulovleg å samla seg framføre statlege bygningar utan løyve, det vart ulovleg å filma eller gjera lydopptak av offentlege tenestemenn.

Lova har òg meir å byda på, her er det berre å halda fram. I høve den nye lova skal orda til politimenn telja som rettsleg sanning; det er nok med ei fråsegn frå ein politimann for å gje nokon ei bot på opptil 600.000 euro utan rettssak. Gjer du deg skuldig i tre brot på den nye lova på to år, er det i seg sjølv eit grovt brot. Då kan ein få 600.000 euro i bot, utan nokon rettsprosess.

Jamvel om kritikken mot lova har vore nær endelaus frå både opposisjonsparti og ålmenta, har det ikkje hatt mykje å seia, anna enn nokre omskrivingar og små rettingar i lova her og der. Partido Popular fekk reint fleirtal i valet i 2011 og kan gjera kva dei vil.

Statsminister Mariano Rajoy meiner lova ikkje har til føremål å knebla borgarane, men å verna dei. «Ei av pliktene til styresmaktene er å syta for fridomen og tryggleiken til borgarane», sa han. Men jamvel konservative spanske kommentatorar har reagert på lovgjevinga: «Jamfør hendingane i Spania med andre land kring oss», skreiv Jose Antonio Zarzalejos, «denne tryggjingslova kjem til å setja eit autoritarianismestempel på den politiske fallitten til Partido Popular.»

Kritikarar på venstresida meiner Partido Popular nyttar lovgjevinga til å skapa eit inntrykk av at ting er i orden i staden for faktisk å ordna opp i landet.

I Sverige har ei samling på 48 professorar og politikarar gått ut offentleg og bede Partido Popular om å draga attende lovframlegget av di dei meiner lova «utarmar rettsstaten» og «bör förkastas till historieskrivningens mörkaste blad för att ge plats åt demokratiska, öppna och fria samhällen där varje röst räknas och får komma till tals».

Svenskane er ikkje åleine om å tykkja lova er dårleg: I mars kom den øvste instansen for den dømande makta i Spania, Consejo General del Poder Justicial, fram til at lova var i strid med grunnlova på fleire punkt.

Bustadløyse
Eitt av punkta i lova domarane slett ikkje lika, var eit som i visse døme jamstelte tryggjingsvakter med politi. Det er i strid med grunnlova å vatna ut valdsmonopolet, meiner domarane, som rådde til å taka ut punktet frå lova. Lova vil lata væpna vakter patruljera offentlege område og arrestera og registrera borgarar som ter seg på eit vis som er i strid med lova.

Attåt vil domarane stogga ransaking av folk utan at det er mistanke om ei straffbar handling, i tillegg til kriminalisering av handlingar dei meiner ikkje kan seiast å truga offentleg tryggleik.

Men kva seier Amnesty? Var det alt? Nei, Amnesty meiner det går føre seg ein meir systematisk freistnad på å skapa togn i det offentlege romet, og den retter seg særleg mot to praksisar som har vakse fram sidan finanskrisa: ei protestform spanjolane kallar escrache, og at folk set seg ned i byen og vert verande der i protest.

Escrache tyder å demonstrera på dørstokken til nokon, i dette dømet på dørstokken til regjeringspartiet Partido Popular eller nær heimen til politikarane deira.

Det er særleg organisasjonen PAM (ein organisasjon for dei som har mist bustaden i finanskrisa) som har drive med aksjonsforma escrache. PAM ynskjer å få på plass ei ordning der dei som må gjeva frå seg huset sitt til banken av di dei ikkje greier å betala avdraga, får ettergjevne lånet av banken. Dei meiner banken i praksis kjøper attende huset når dei tek over bustaden, difor skal ikkje lånetakarane sitja att utan hus og framleis betala på gjeld for huset.

Ein kan meina mykje om eit slikt framlegg, men for mange spanjolar er det ikkje berre eit teoretisk problem: Sidan 2007 har långjevarar kravt tvangssal av fleire hundre tusen bustader i Spania. 350.000 familiar har mist huset sitt. Samstundes hevdar somme overslag at det finst tre millionar tome bustader i landet. Det er ikkje nett seljars marknad.

Ei anna rørsle er organisasjonen 15M, som har organisert seg via sosiale medium. Dei byrja setja seg ned på plassen Puerta del Sol i Madrid og Plaza de Cataluña i Barcelona, og sidan har dei spreidd seg over heile Spania. Dei kjempar for større grad av deltakardemokrati og mot det tradisjonelle topartisystemet.

Retorikk og praksis
Men no tykkjer regjeringa at det får halda med slike demonstrasjonar. Partido Popular har fått nok og nyttar sterke ordelag om aktivistane.

Då borgarmeisteren i Gandia, Arturo Torró, i Valencia-regionen fann ut at femti PAM-medlemer hadde sett seg ned framføre kontoret til Partido Popular i området, sa han: «Då eg såg at dei skulle gjera ein escrache, etter å ha sett kva dei gjer med politikarar, tenkte eg at det der skal ikkje gå føre seg her. Vi lèt dei ikkje truga oss. Escrache er ein metode som diktatorar nyttar, det er metoden nazistane nytta mot jødane.»

Andre politikarar frå Partido Popular har knytt protestrørslene til terrorgruppa ETA, til francoistar, til fascistar og kommunistar.

Men retorikken til politikarar er éin ting, det kan ein knappast kalla eit brot på menneskerettane. Kva er detAmnesty klagar over?

Amnesty hevdar at i staden for å nytta lova til å stogga protestar der den offentlege tryggleiken faktisk er truga, nyttar styremaktene dei høge bøtene til å skræma folk frå å demonstrera. Styremaktene hevdar at heilt vanlege demonstrantar har vore med på å organisera protestane, og slik kan dei gjeva dei høgre bøter. Storleiken på bøtene er vilkårlege, og dei spesifiserer ikkje kva punkt i lova vedkomande har brote. Amnesty meiner styremaktene nyttar lovverket til å knebla demonstrantane ved å skræma dei frå å protestera i det heile teke.

Men endå viktigare er bruken av makt. Heilt sidan 2011 har det vore meldingar om overdriven bruk av makt, skriv Amnesty, og dei har bilete av politi som nyttar batongar til å slå demonstrantar som sit fredeleg i protest på Catalonia-plassen den 27. mai i 2011.

Bruk av makt
Dei har videoopptak frå Madrid den 25. september i 2012 der tretti antiopprørseiningar frå politiet med 1300 politimenn vart sette inn mot det som i all hovudsak var ein fredeleg protest. Meir enn seksti menneske vart skadde – mellom desse 27 politimenn – og 35 demonstrantar vart gripne av politiet. Opptaka syner politi som nyttar batongar mot hovudet og halsen til demonstrantar som korkje trugar nokon eller oppfører seg aggressivt, og dei syner politi som skyt med gummi­kuler rett inn i folkemengda.

Attåt hadde politiet ikkje på seg synlege merke som gjer det mogeleg å identifisera dei individuelt, noko spansk lov krev.

Amnesty har peika ut tre hovudsaker dei meiner gjev grunn til otte: overdriven og udifferensiert bruk av antiopprørsutstyr mot demonstrantar, overdriven bruk av makt til å arrestera demonstrantar og uakseptabel handsaming av demonstrantar i varetekt.

«Styremaktene ynskjer seg ein taus majoritet og å få minoriteten til å verta taus», sa Eduardo Sanzo, ein 61 år gamal mann i ein protest organisert av Amnesty mot lova førre månad i Madrid.

Amnesty bed dei spanske styremaktene om å skriva om lova på eit vis som gjer det mogeleg for folk å halda fredelege demonstrasjonar og ytra seg fritt. «Økonomiske kriser testar styrken og stabiliteten i eit samfunn og dei offentlege institusjonane», skriv dei, «men desse vert styrkte og ikkje svekte av at ein tillèt folk å gjeva uttrykk for frustrasjon og kritikk.»

For ikkje å gløyma er det ein menneskerett.

Les saka i Dag og Tid!