≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Forsking, facebook, sosiale medier, Instagram, Snapchat

YouTube har positiv effekt. Instagram og Snapchat er verst for den mentale helsa

Åsmund H. Eikenes
fredag 19. mai 2017 15.18

YouTube har positiv effekt. Instagram og Snapchat er verst for den mentale helsa Instagram er best på å få ungdom til å føle seg verst ifølgje studien #StateOfMind. Foto: YouTube / RSPH

Det viser resultata frå ei undersøking av nesten 1500 britiske ungdomar i alderen 14-24 år, utført i starten av 2017 av dei to helseorganisasjonane Royal Society for Public Health (RSPH) og Young Health Movement.

I rapporten #StatusOfMind kjem det fram at sju av ti unge rapporterer om mobbing på internett, og sosiale medium er assosiert med auka tilfelle av angst, depresjon og søvnproblem. Samtidig finn studien at sosiale medium kan auke tilgangen til helseinformasjon, samt at dei som nyttar sosiale medium får meir emosjonell støtte frå kontaktane sine.

Instagram og Snapchat er verst
Ungdomane vart også spurde om korleis sosiale medium påverka ulike delar av den mentale helsa deira, slik som til dømes emosjonell støtte, søvn, depresjon, kroppsfokus og frykt for å gå glipp av noko.

I studien konkluderer forskarane med at Instagram og Snapchat er dei verste for sjølvkjensla til ungdom, etterfulgt av Facebook og Twitter. YouTube har samla sett ein positiv effekt.

Instagram scorar dårleg på faktorane søvn, kroppsfokus, angst, depresjon, mobbing og frykt for å gå glipp av hendingar. Plattformen får samtidig positiv score på spørsmål om personleg uttrykk og identitet.

– Det er interessant å sjå Instagram og Snapchat rangert som dei verste for mental helse og vevære. Begge platformane er veldig biletefokuserte, og det verkar som om dei kanskje fører til kjensler av å ikkje strekke til og angst hos unge menneske, seier Shirley Cramer, leiar i RSPH, til The Guardian.

LES OGSÅ: – Media gir ungdom dårleg sjølvbilete

Åtvaring og hjelp på nett
Dei to helseorganisasjonane som har utført undersøkinga har sju oppfordringar:

1. At det dukkar opp ei åtvaring når ein har nytta ei visst tid på sosiale medium.

2. Merking av retusjerte eller fotoshoppa bilete.

3. Sertifisering frå myndigheitene på helseinformasjon i sosiale medium.

4. Undervisning i trygg bruk av sosiale medium i skulane.

5. Bruk av digital teknologi for å oppdage brukarar som er i faresonen for mentale helseproblem ved bruk av sosiale medium.

6. Ungdomsarbeidarar og andre bør få opplæring i sosiale medium.

7. Meir forskning på effekten av sosiale medium på mental helse hos unge. 

Sjå video om studien her: 

LES OGSÅ: Psykolog: Banning gjer deg litt sterkare


Oppdatert: fredag 19. mai 2017 15.45
Kommentarar



 
ANNONSE: