X-faktor for lærarar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det avgjerande er kva læraren kan og kva læraren gjer. Forsking frå Noreg og andre land visr at forskjellar i utdanningsnivået til lærarane forklarar lite av resultatforskjellane. Dei er knytt til forhold som ikkje er så lette å observera, kall det gjerne x-faktor, seier forskingsdirektør Torbjørn Hægeland ved Statistisk sentralbyrå til Aftenposten.no.

Han meiner at kven som blir lærarar er vel så viktig som lengda på lærarutdanninga.

Data frå den fjerdedelen av ungdomsskulane som får dårlegast karakterar, viser at elevane deira kunne fått ein karakter betre i anten norsk, engelsk eller matte om skulane gav like mykje til læringa deira som den fjerdedelen som skåra best.

Hægeland meiner at betre løn og høve for karriere er viktige gulrøter for å få dei rette lærarane inn i skulen.