Wikipedia får pris

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Wikimedia Noreg blir tildelt Folkeopplysningsprisen 2011, som blir gjeve til personar eller organisasjonar for framragande arbeid med å gjere kunnskap og læring tilgjengeleg for alle. Wikimedia Noregs leiar Jarle Vines takkar for prisen som ein heider av sju år kunnskapsdugnad på Wikipedia i Noreg. Til saman er meir enn 215.000 nordmenn registrerte brukarar, og 2 av 3 nordmenn oppsøkjer Wikipedia månadleg.

Tidlegare er Folkeopplysningsprisen blant anna tildelt Jørn Hurum, Ammehjelpen, og NRK Schrødingers Katt. Det er Voksenopplæringsforbundet som tildeler prisen kvart år under Læringsdagane. Prisen har vorte tildelt sidan 1998 og har fire gonger gått til einskildpersonar.

– Verdshistorias største folkeopplysar
– Det er ei stor ære og heider av Wikipedia som kunnskapsdugnad i Noreg. Folkeopplysningen byggjer på at å spreie kunnskap blant vanlege folk. Wikipedia tek dette eit steg vidare ved at det er vanlege folk som er folkeopplysarane og står for kunnskapen. Med visjonen vår om å gjera kunnskapen i all verda tilgjengeleg for alle menneske, vågar eg påstanden at Wikipedia er verdshistorias største folkeopplysings-prosjekt, seier styreleiar Jarle Vines i Wikimedia Noreg.

Her i Noreg er Wikimedia Noreg lokal støtteforeining for Wikimedia Foundations, og som eig domenenamnet wikipedia.no. Den norske samskipnaden skal støtte dei norske Wikipedia-samfunna, og har det siste året halde 25 kurs og foredrag for nye bidragsytarar og skribentar. Ein stor del av dei aktive skribentane er medlem av samskipnaden..

Ynskjer fleire
Wikipedia har meir enn 215.000 registrerte brukarar i Noreg, fordelt på versjonane på bokmål/riksmål, nynorsk, og nordsamisk. Den nordsamiske versjonen er det einaste leksikon tilgjengeleg på samisk språk. Kvar månad vitjar 2-3 millionar nordmenn dei norske sidene.

– Vi har det siste året halde 25 kurs for nye skribentar. Gruppene vi har kursa omfattar både organisasjonar, pensjonistforeininger, føretak og statlege etatar. Kvar månad bidreg om lag 2.500 nordmenn til artiklane, men vi ynskjer å få med oss fleire. Berre ein promille av dei som brukar Wikipedia kvar månad, skriv noko sjølv. Difor er det viktig å få med oss fleire. Det er mykje enklare å bidra i kunnskapsdugnaden enn folk trur. Vi oppfordrar folk til å registrere seg med brukernamn, men ein kan òg redigere direkte i artiklane, avsluttar styreleiar Jarle Vines i Wikimedia Noreg.