WHO fryktar kraftig kreftauke

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fryktar kraftig kreftauke

Talet på krefttilfelle kjem til å auke med rundt 50 prosent fram til 2032, trur Verdshelseorganisasjonen (WHO). Låginntektslanda er dei som blir hardast råka.

Det kjem fram i ein rapport som WHOs kreftforskingskontor, Iarc, la fram måndag, skriv ABC Nyheter.

Iarc ventar at talet på nye tilfelle av kreft aukar frå 14 millionar i 2012 til 22 millionar i 2032. Samtidig kjem venteleg talet på kreftdødsfall til å auke frå 8,2 millionar til 13 millionar.

– Det er utan tvil landa med lågt og middels inntektsnivå som blir hardast råka. Mange av desse landa er dårleg rusta til å handtere ein slik auke i talet på menneske med kreft, seier WHO-direktør Margaret Chan.

Ifølgje Iarc kunne truleg halvparten av krefttilfella vore unngått om det vart satsa nok på førebygging.

Særleg i Afrika, Asia og Latin-Amerika blir det vanskeleg å få behandla alle og å få starta behandlinga tidleg. (©NPK)