– Visste ikkje at eg var spansk før eg var ni

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 02.10.2017 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Visste ikkje eg var spansk før eg var ni

– Eg lærte at Spania var heimlandet mitt då eg var åtte eller ni år. Før det trudde eg Catalonia var landet mitt. Eg snakka berre spansk i spansktimane, og alle sa at Catalonia var landet vårt.

Me møter 18 år gamle Ernest Vidal Garcia og kameraten Marc Peradalte Negre (17) i dei ærverdige bygningane til Universitat de Barcelona.

Dei to førsteårsstudentane har begge reist inn til hovudstaden i Catalonia frå provinsen Girona for å ta to parallelle grader i matematikk og fysikk. Undervisninga her føregår i hovudsak på katalansk – litt avhengig av førelesarane sitt morsmål. Utanlandsstudentar og studentar frå resten av Spania vert difor nøydd å læra seg katalansk, som har status som offisielt språk i den autonome regionen Catalonia.

– Spansk og katalansk er veldig like. Me har ein spansk student i klassen og ho forstår mesteparten, forklarar Ernest, som likevel medgjev at det kan vere vanskeleg i starten.

Marc meiner at etter to veker burde det gå fint for dei fleste spanjolar.

Independència
Heimprovinsen deira Girona har ry på seg for å vere den som er mest tilhengjar av katalansk sjølvstende, men dei siste åra har kreftene som jobbar for ei lausriving frå Spania vekse seg stadig sterkare.

I 2006 fekk Catalonia økonomisk og juridisk sjølvstyrerett og status som «nasjon» av spanske myndigheiter. I 2010 stadfesta Spania avtalen, men ville ikkje gå med på at Catalonia var ein sjølvstendig nasjon med katalansk som eige språk.

Etter dette strøymde Marc og rundt éin million andre ut i gatene med katalanske flagg for å demonstrera for uavhengigheit. Sidan den gong har Marc og hundretusenvis med han løfta flagget årleg.

Den 11. september i år var Marc og Ernest blant over ein halv million katalanarar som samlast i gatene for å ropa: «I – inde – independència!» På denne datoen i 1714 sigra Borbonar-kongen Filip V av Spania over habsburgarane i Den spanske arvefølgjekrigen. Det er òg den dagen katalanarane seier at kampen for sjølvstende byrja.

La Diada vart først markert i 1886, men under Franco-diktaturet i 1939-1975 var både det katalanske språket, nasjonaldagen og andre nasjonalsymbol forbode.

– Mine foreldre og besteforeldre måtte snakka spansk i offentlegheita. Dei kunne berre snakka katalansk heime og om dei vart teken i å snakka katalansk vart dei straffa. Eg trur det er der uavhengigheitsrøyrsla starta, seier Ernest, som har besteforeldre som flytta til Catalonia frå andre delar av Spania.

LES OGSÅ: Språk, fotball og fridomsstrev i Catalonia

Catalonia 11. september 2016
Uavhengigheitsflagget La Estelada er som det offisielle katalanske flagget (La Senyera), men har i tillegg fått den blå trekanten med stjerna. Dette er henta frå Cuba og Puerto Rico, som var dei siste spanske koloniane som vart sjølvstendige. 11. september vaiar det ekstra høgt.

Uavhengigheitskampen
Den 9. november i 2014 heldt den catalanske regjeringa ei uforpliktande folkerøysting om uavhengigheitsspørsmålet, som i spansk Høgsterett vart erklært grunnlovsstridig. Innbyggjarar frå 16 år og oppover hadde stemmerett, men berre 37 prosent av dei som hadde moglegheit møtte opp i stemmelokala. Av desse stemte 80 prosent for sjølvstende.

I fjor fekk samarbeidslista for lausriving JxSi (Saman for ja) fleirtalet av mandata i La Generalitat, som er regionens folkevalte regionale parlament. Desse jobbar for ei offisiell folkerøysting og har byrja førebuinga på ei eventuell lausriving.  

– Eg har ikkje nokre problem med spanske folk, men eg føler ikkje at eg er spansk. Eg føler meg katalansk, difor seier eg sjølvsagt at Catalonia er heimlandet mitt, forklarar Marc, som ikkje er i tvil om kva han vil stemme ved ei eventuell folkerøysting.

Generelt er unge katalanarar meir sjølvstendetilhengjarar enn eldre, og jo lenger ut på bygda ein kjem – jo sterkare er den katalanske identiteten.

Både han og kameraten er ivrige EU-tilhengjarar.

– Men sjølv om eg ikkje føler meg spansk, så føler eg meg i aller høgste grad europeisk, understrekar Ernest.

– Ikkje patriot
På ein kafé nokre hundre meter frå universitetet møter me Aina Serra Molina (25).

– Eg er independentist, men ikkje ein patriot, understrekar ho.

Aina meiner at den katalanske frigjeringsrørsla har vorte sterkare av at regjeringa ikkje godkjenner ei folkeavstemming. Og ho trur ikkje at katalanarane får den offisielle folkerøystinga dei no jobbar for.

– Eg bryr meg ikkje om det står spansk eller katalansk på identifikasjonspapira mine. Eg vil berre ha rettferd, seier Aina, som er oppvaksen i utkanten av Barcelona.

Ho er oppteken av korleis dei politiske haldningane i Catalonia skil seg frå resten av Spania, men meiner at landet ikkje vil gje slepp på dei av økonomiske grunnar.

Språket er ein annan viktig del av den katalanske identiteten og ho anslår at ho pratar katalansk om lag 75 prosent av tida.

– Eg er ikkje komfortabel med å snakka spansk, fordi mesteparten av omgjevnadane mine er katalanske. Eg kan snakka det korrekt, men det er ikkje morsmålet mitt, seier Aina, som òg bruker katalansk i sosiale medium.

LES OGSÅ: Derfor fryktar Spania skotsk ja

Aina Serra Molina CataloniaSjølv om katalansk har vanskelegare rettskriving enn spansk, held Aina Serra Molina på språket sitt i sosiale medier.

Skulespansk
– Heilt frå fødselen snakkar du berre katalansk med folk som bur i Girona. Det gjer sjølvsagt ikkje noko om nokon frå resten av Spania eller resten av verda kjem og snakkar spansk til deg. Men med folk i Girona snakkar du berre katalansk. Det er morsmålet vårt, forklarar Marc.

I Catalonia føregår all undervisning på katalansk. Spansk er eige fag frå første klasse. Denne skulemodellen vert brukt som noko av forklaringa på at språket står så sterkt.

Fleire reagerer no på at denne skulemodellen er under åtak.

Tidlegare utdanningsminister José Ignacio Wert har reagert på at spansk vert behandla som eit framandspråk på lik linje med engelsk i det katalanske utdanningssystemet, noko katalanarane likar dårleg.

– Dei vil ta bort katalansk og putte inn litt engelsk, men berre i Catalonia. Dei er einspråklege og fortel ein tospråkleg at han skal verta trespråkleg, seier Aina oppgitt.

Spanske tv-kanalar
– Det er veldig bra å læra to språk på same nivå, for då vert det lettare å læra fleire språk, seier Marc, som får støtte frå kameraten. 

Katalanskspråklege barn vert trygge på spansk gjennom film og tv. Det finnast ei rekkje katalanske tv-kanalar, men kinofilmar vert berre dubba til spansk. For å sikra nok katalansk i dei skrivne mediekanalane har regionen difor ei pressestøtte som sikrar parallellutgjevingar.

Ernest hadde lært seg å telja både på spansk og katalansk, men elles kunne dei to gutane nesten ikkje noko spansk før dei byrja i førsteklasse på barneskulen.

– Spansk rettskriving er lettare, fordi det har færre lydar. Eg har høyrt at katalanske elevar får betre spanskkarakterar enn spanske elevar, ler Ernest.