Vinjerock utselt på under eitt minutt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utselt på under eitt minutt

Musikk- og friluftsfestivalen på Eidsbugarden i Jotunheimen går i år av stabelen 17.– 20. juli. På programmet står mellom anna Timbuktu, Billie Van, Moddi og Ida Maria.

Festivalleiinga er særs nøgde med at dei 3000 festivalpassa forsvann på så kort tid.

– Det er utruleg herleg å sjå at Vinjerock framleis er ein festival etter vinjerockarane sitt hjarta. Når ein tenkjer tilbake på dei fyrste åra, kor vi kaldsveitta oss gjennom sommaren fordi billettsalet i forkant var marginalt, så kjenner vi oss utruleg privilegerte no. Me får ein enormt stor tillit frå publikummet vårt, seier salssjef Carl-Frithof Tidemand-Johannessen.

For dei som ikkje rakk å kjøpe festivalplass lovar salssjefen at dei utover våren skal køyre konkurransar med billettar som premie.

Sjå kva artistar som toppar Vinjerock i år!