Vilt og vått ved fjorden

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Laurdag var det Dampskipkaien Open og stupekonkurranse på kaien i Sogndalsfjøra. Trass det sure vêret møtte mange skodelystne opp for å sjå spektulære hopp i fjorden.

På sykkel og rulleski kasta deltakarane seg ut frå kaikanten på dei mest kreative måtar. Meir smertefullt såg det ut under Sogndal Grand Prix i døds. Der hoppa deltakarane frå 10 meters høgde, med kroppen vassrett, for så å krøka seg saman like før dei treffer vassflata.

Dampskipkaien er Fjell og Fjordmoro sin sentralarena under festivalen, som varer til søndag. Allereie fredag var dei i gang, mellom anna med padling i Sogndalselvi, temamøte og fjellsportkveld på hotellet.

LES SAKA I SOGN AVIS!

Sjå bildeserie!

Dampskipskaien Open from BrattMoro on Vimeo.