Vilt og vått i Florø

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Det har vore ei heilt fantastisk helg med mykje moro og aktivitet. Me er stornøgd med korleis me har fått til ting, fortel Helland, tydeleg begeistra for helga han og Florø nett har lagt bak seg.

For tredje år på rad vart festivalen Våt Moro arrangert, ei helg med vatnet og ekstremsporten i fokus. Målet er, ifølgje festivalen sjølv, å skapa ekstrem glede, adrenalin og spektakulære opplevingar på sjøen og i fjella. Og det kan sjå ut til at dei får det til.

Sjå video frå laurdagen her, frå Våt Moro sine heimesider!

LES OGSÅ: Aktiv på festival

Traff på det meste

Nøyaktige besøkstal er vanskelege å finna måndag føremiddag, men Helland fortel at ingen av aktivitetane sto tomme.

– Me hadde nokre aktiviteter som ikkje hadde nok påmelde til å gjennomførast. Men slik blir det, me har mange aktiviteter, og då kan me treffa me ein del og vera uheldige med nokre andre.

Den største aktiviteten i løpet av helga var barnefesten laurdag – der var nærare 1000 ungar til stades. 

LES OGSÅ: Skaper liv med indiepopfestival

Nærare 1000 born var med på barnefesten under Våt Moro. Foto: Hanne Kristin Strømsnes

Copacabana i Florø

Høgdepunktet var likevel 70 kubikkmeter med sand i sentrum for festivalsjefen. I høve Våt Moro vart det bygd ei eiga sandvolleyballbane midt i sentrum, med turnering.

– Det var reine Copacabana i Florø, seier festivalsjefen.

– Me hadde 16 påmelde lag til turneringa, og fulle tribuner gjennom heile dagen. Publikum tykte og det var skikkeleg kult, held han fram.

 

LES OGSÅ: Når såg du sist ein zomromcom?

Og no, ferie

– I alt var festivalen heilt eventyrleg. Det er alltid nokre småting me kan gjera betre, men no virkar det som bagatellar. No skal me gå gjennom økonomien for festivalen og ta ei evaluering, før me tek nokre veker ferie utan å tenkja på Våt Moro. Så set me i gang med neste år, seier Helland.

For det blir meir Våt Moro.

– I år var tredje gongen, og me ser no at dette er noko folk vil ha, avsluttar Helland.