– Villmarka er vakker og brutal

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Tør du en gang til?» står det på blodraude, illevarslande filmplakatar. 12 år etter skrekksuksessen «Villmark», er oppfølgjaren endeleg klar. Men tør regissøren sjølv?

– Eg har jo tydelegvis tørt ein gong til. Det er ganske «spooky» – eller nifst, men me tykkjer me har ein flott film, som me er veldig spente på å visa, seier Pål Øie då framtida møter han før verdspremieren på Fjellfilmfestivalen den 11. september.

Noregspremieren er 9. oktober.

LES OGSÅ: Fjellfilmsuksessen

Enkle verkemiddel
Regissøren frå Stranda på Sunnmøre sit med dress og solbriller på ein benk i uteamfiet der «Villmark 2» skal ha verdspremiere når det lir mot midnatt.

Oppfølgjaren er ein sjølvstendig film, som ifølgje regissøren sjølv definitivt har nokre berøringspunkt med «Villmark».

Det kjem skumle ulydar over høgtalaranlegget, som treff vassflata berre eit steinkast nedanfor oss. Ei perfekt scene for oppfølgjaren til filmen som er kåra til Noregs skumlaste.  

– Eitt av triksa er at ein spelar på situasjonar folk kjenner seg att i. «Villmark» spelar ut dette med folks fantasi – at ein ikkje dyttar alt på dei, men at dei får tenkje sjølv. Det er ein mørk skog og då kan folk tenkje at inni der må det vere noko grusomt, så er det kanskje ingenting, seier Øie, og må le litt når han legg til:

– Det skjer jo eigentleg ikkje så veldig mykje, men folk greier å mobilisera angst. Me har jo alle eit forhold til skogen og villmarka. Det er nesten så me håpar at det skjuler seg noko meir der ute. Det er spanande. Du får ikkje full oversikt over villmarka. I tillegg er me fødd og oppvaksen med mytologien rundt det. Villmarka er vakker og brutal, den har alt i seg, seier Øie, som stadig held seg i Sogn og Fjordane.

I 2015-versjonan er Kaupangerskogen bytta ut med segnomsuste Luster sanatorium – og litt innspelingstid i Budapest.

Filmteamet frå den vesle hytta i «Villmark» er i oppfølgjarfilmen bytta ut med eit saniteringsteam, som har i oppdrag å sjekka Luster sanatorium for giftstoff før det kan rivast. Det viser seg at det gigantiske bygget skjuler mørke løyndomar og ei dyster fortid.

Sanatoriumet dannar eit slags triangel med hytta og vatnet, som nokre kanskje vil hugsa att frå førre film. Hytta ser me ikkje noko til, men vatnet ligg der framleis like illevarslande.

LES OGSÅ: Filmherrar i dobbeltroller

Live (Ellen Dorrit Petersen) og resten av saneringsteamet får meir spenning enn dei hadde venta seg. Foto: Handmade Films in Norwegian Woods

«De dødes tjern»
– Fallgruvene er å undervurdere publikum og gjennom lydar og musikk å påstå for mykje. Publikum er jo ikkje dumme og er kanskje blitt enno meir van til sjangerfilm. Det er mange ting som skal klaffe for å få det til. Å lage film er veldig komplisert, seier 55-åringen.

I oppveksten var det «De dødes tjern» den norske skrekkfilmen som gjorde sterkast inntrykk på regissøren.

Ja, kva vert du sjølv skremt av?

– Eg har høgdeskrekk, og likar ikkje helikopter, småfly og høgder der du ikkje har eit 70 centimeter gjerde. Eg er i grunn redd for veldig lite. Ikkje er eg mørkeredd og skogen skremmer meg ikkje, men eg er redd for det same som alle andre: At det skal skje noko med dei nærmaste. Er det andre ting eg er redd? Er folk eigentleg så redde mørkret?

– Vert du redd av dine eigne filmar?

– Eg kan kjenna at musklane knyter seg og eg får gåsehud, men det er klart eg blir ikkje skremt av mine eigne filmar. For meg er det umogleg å sjå min eigen film, men eg kan kjenna at eg frydar meg i scena og augneblikka. Det er som ein symfoni på halvannan time der ein beveger seg gjennom toppar, botnar og stillheit.

LES OGSÅ: – Ikkje alle kan verte filmregissørar

F.v. Ole (Anders Baasmo Christiansen), team-leiar Live (Ellen Dorrit Petersen) og Even (Mads Sjøgård Pettersen) har fått i oppdrag å sjekke Luster sanatorium for giftstoff før det skal rivast. Foto: Handmade Films in Norwegian Woods 

Bygget i hovudrolla
I festivalcampen har det kome opp raude telt med påskrifta «Villmark 2» og spenningen stig sakte men sikkert jo mørkare det vert.

Regissøren sjølv er oppteken av å innfri forventningane til publikum, sjølv om både karaktergalleri og hovudscena er ny.

– Sanatoriumet i Luster var første hovudkarakteren i filmen. Det er ein fantastisk bygning, som me føler me har kreert  eit heilt eige univers i. No bevegar me oss inn i den indre villmarka. Det er ikkje mykje springing i skog her – og det er jo sikkert det folk vil ha. Men ein må jo koma seg litt vidare og prøva nye ting, seier Øie, som likevel lovar at han ikkje er ferdig med skogen heilt enno.