Ville vore tilrekneleg i Sverige

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tilrekneleg i Sverige

Som eitt av få land i verda følgjer Noreg «det medisinske prinsipp», som seier at dersom gjerningspersonen var psykotisk i tidspunktet for den straffbare handlinga, skal han ikkje straffast. Dei fleste andre land følgjer «det psykologiske prinsipp», der ein må vurdere om den straffbare handlinga var eit resultat av ein psykotisk sjukdom, skriv Vårt Land.

Ein treng altså ikkje å gå lenger enn til nabolandet vårt Sverige for å få eit eksempel på det siste.

– Sjølv om gjerningspersonen vert sett på som psykisk sjuk i gjerningsaugeblinken, blir vedkommande likevel ansvarleggjort for handlingane, seier Marianne Kristiansson, professor i rettspsykiatri..

I svensk lovverk opererer ein ikkje med nemninga «tilreknelegheit», noko som betyr at dersom ein blir dømt til rettspsykiatrisk forvaring i Sverige, så vert dette definert som straff og ein blir dømt og ansvarleggjort for den straffbare handlinga.

Rettspsykolog Pål Grøndahl ved Kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri for Helseregion Sør-Aust meiner det svenske systemet ansvarleggjer for mange og seier at nokre gjerningsmenn er så alvorleg sjuke at dei ikkje kan ta ansvar for handlingane sine.

Likevel meiner han det er på tide med ein debatt om prinsippa for å vere tilrekneleg.

– Kva kjem det av at Noreg, som eitt av få land i verda, vil argumentere for at det medisinske prinsipp er riktig, spør rettspsykologen. (©NPK)