Vil vere ei stemme for dei stemmelause

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Now we have batteries, konstaterer dokumentarfilmskapar Jaya Helena Seljestad Knudsen, og slår på bandopptakaren.

­Pulling me back in
I fire dagar har 18-åringen arbeida med eit portrett av briten som sit over bordet for ho i eit lokale i Volda. Ho sit stille med blikket på Dave King, som  fortel om korleis han fann vegen frå ein jobb i Cartoon Network til ”Hoggskulen i Volda” og siterer Gudfaren 3:

– Just when I thought I was out, they pull me back in.

Klippenatt
Jaya hadde eigentleg sett føre seg ei innføring i kva dokumentarfilm var og meir teknisk opplæring då ho melde seg på dokumentarworkshopen «Eit lite ord gjer stundom store verk», i samband med Dei nynorske festspela. Men det er likevel hard trening i det å lage ein dokumentarfilm på fire dagar. Siste opptak vert gjort torsdag klokka 14.00, då står det att ei lang natt med klipp og redigering, før daudlinja fell klokka 09.00 dagen etter.

– Om eg ikkje er ferdig då kjem Eirik og riv det ut av hendene mine, smilar ho.

LES OGSÅ: – Det var Sigurjon si historie som vann

Teknisk hinder
Eirik Vaage, som held kurset, er på si side litt uroa for om den unge filmskaparen tek for lett på den store jobben som står att.

– Det tekniske er mitt største hinder, om folk såg kva eg hadde i hovudet ville dei vorte kjempeimponerte, fortel Jaya entusiastisk.

Det går i rasande fart på sørlandsdialekt, fordi ho veit kva ho vil. Etter at ho er ferdig på medier og kommunikasjon vil ho inn på registudier ved London Film School, kanskje Høgskulen i Lillehammer etter det, og aller helst studere film i Nederland. Men før den tid har ho eitt år att på vidaregåande i Kristiansand. Og før den tid hadde det vore fint å vinne premiepengane, slik at ho kan investere i nytt utstyr.

Leita etter rebellen
Ho har landa på kva ho vil og er komfortabel med det. Slått frå seg tankane om skodespelar og lege. Jaya vil lage film, både fiktiv og dokumentar.

– Dei beste historiane er dei verkeleg personleg, genuine og intime møta med menneskjer, seier Jaya.

Desse møta kjem ikkje av seg sjølv og den unge filmskaparen meiner det tek lang tid å lære seg å verkeleg sjå og møte folk.

Då ho kom til Volda ville ho laga ein film om noko ein ikkje forventa å finne der, rebellen eller utstikkaren. Då tipsa Eirik Vaage ho om animatør og forelesar Dave King.

Saka held fram under biletet.


Her er Dave King komen på skjermen under framsyninga av filmen.

Ung freelancar
Jaya har drive med film og media ei god stund.

– Eg byrja å skrive mellom anna konsertmeldingar freelance då eg var 12 år, fortel Jaya.

Dette er ikkje noko den gjennomsnittlege 12-åring gjer på fritida. Men så er heller ikkje Jaya heilt gjennomsnittleg.

– Eg kom i puberteten ekstremt tidleg og byrja å tenkje over store eksistensielle spørsmål, fortel Jaya.

LES OGSÅ: – Ville du funne deg dame på sukker.no?

Passar ikkje heilt inn
Ifølgje sørlandsjenta er det ikkje berre vaksne som får eksistensielle kriser, born tenkjer òg over dei store tinga. Ho spurde seg dei store spørsmåla, som meininga med livet, og etterkvart byrja ho å filme seg sjølv, og vart fengsla av mediet. Dette vart byrjinga på dokumentarfilmprosjektet hennar med tittelen: Jakten på lykken.

– Eg har alltid sett min generasjon utanfrå. Eg passar liksom ikkje heilt inn, som om eg er frå ein annan planet, fortel den unge dokumentaristen.

Ho ser håp for sin generasjon, sjølv om dei bryr seg mykje om Justin Bieber og kastar bort tida på tv-seriar. Slikt har ikkje Jaya tid til.

Den unge filmskaparen vonar at filmane hennar kan engasjere ungdom spesielt.

– Det er vanskeleg å vere ung og stå for det ein meiner.

Londonar på jordet
Jaya vart ferdig med klipp og redigering i tide. Juryen hadde berre lovord om alle filmane og omtala portrettet av Dave King som humoristisk.

– Det er noko spesielt med å sjå ein londonar i dress ute på eit jorde, som summerer kjensla i filmen hennar, sa juryleiar Gunnar Strøm. 

LES OGSÅ: Transformatoren