Vil ta rotta på Mote-Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stikk i strid med den kinesiske kalenderen, kan det sjå ut til at 2012 blir eit år i rottenes teikn. Det gjenstår nemleg berre nokre få detaljer før dei seks første kleda, som er laga som ein direkte inspirasjon og hyllest av «norskerotta», er klare for sal. Tre plagg for kvart kjønn; T-skjorte, bukse og hettegenser. Men det er ikkje akkurat snakk om fargesprakande plagg á la Moods of Norway. Den norske brunrotta er nemleg fargeblind, og det speler sjølvsagt inn, fortel det lokale firkløveret som står bak det nye klesmerket med rottelogo.

Undergrunn og historie
— Me kjem berre til å lage klede samansatt av gråtonar, svart og kvitt, berre fargar som rotta kan sjå. Me ønskjer å bygge opp eit klesmerke som er inspirert av den mørke sida av norsk historie og ikkje har blitt fokusert på tidlegare. Til dømes har me latt oss inspirere av måleria til Theodor Kittelsen, ikkje minst slik han skildrar svartedauden. I tillegg er me alle veldig interesserte i undergrunnsmusikk. Rotta som konsept klarer å fange alt dette, meiner designar Siri Sveen Haaland frå Sveio, som allereie har fått fleire prisar for designen sin tidlegare.

Ideen til klesmerket og rotta fekk ho saman med Thomas Thomassen, som kjem frå Etne, ein sein desemberkveld i 2009.

— Siri hadde allereie designa litt jeans og imponert i fleire konkurransar. Me leikte litt med tanken om å lage til noko eige og ein kveld fall bitane på plass. Rattus Norwegicus (brunrotta) representerer alt det me ønskjer å forbindast med; overlevingsduglegleik, kvalitet og undergrunnen, fortel Thomassen, som raskt fekk med seg kameratane Sølve Olden Mala og Trond Viskjer, begge frå Etne, med på laget.

Viktige detaljar
To år seinare er oppgåvene fordelte, rotta har fått namnet Theodore Ratatosk og kleda har teke form. Firmaet er danna og registrert i Etne. I Oslo sit Haaland og tek seg av designen, dei andre sit med oppgåvene marknadsføring, web, design, finans og produksjon i Stavanger. Ei oppgåvefordeling som fungerer godt. Motefirkløveret har testa ut fleire fabrikkar. No siktar dei mot produksjon i Italia.

Kanskje allereie til hausten vil nettbutikken til Norwegian Rat vere ope for sal og dei første kleda vil vere å finne i utvalte kjedebutikkar. Kan det kan freiste med ei ekte Skakkejakke? Oppkalla etter Etne sine store son, Erling «Skakke» Ormsson.

— Me har gitt eigne namn til klesplagga, som speler på norsk historie. Utanom Skakkejakka, har me også buksemodellen vår som heiter «1349»-jeans. Kva var det som skjedde i 1349? Jo, det var svartedauden. I tillegg har me sokkar på trappane som heiter «Magnus Barfot», fortel Thomassen, som er den på laget med størst interesse for historie, spesielt den frå norrnøn tid.

Trykk og detaljer på kleda blir det ikkje spart på. Rottelogoen går igjen overalt på plagga. T-skjorta, som snart er klar for produksjon, har ei avisside på brystet med nyhende frå rotteverda. Innsida av buksene har ei steg-for-steg vaskebeskriving, den har sju lommer, ei eige lomme til plekter for dei musikkinteresserte. Til og med på bukseknappane foran er ustyrt med rotteføtar.

— Detaljane er viktige. Kvar gong eigaren av kleda tar dei på seg, skal han/ho oppdage noko nytt med dei, seier Haaland.

—Målet vårt er å lage ein skotsikkert merkevare med slitesterke og røffe klede. Dei skal vere rocka, men tidlause på same tid. Kvalitet og design skal skape identiteten vår, seier Olden Mala.

Tjuvstart på rockescenen
Men det er ikkje til å stikke under ein stol at rottelogoen allereie er godt kjend for mange. Sjølv om kleda ennå ikkje er tilgjengelege for sal. Norwegian Rat er nemleg så heldige å ha eit nettverk av lokale musikarar. Både the Megaphonic Thrift, med blant anna Linn Frøkedal frå Etne i stallen, Hypertext og Kvelertak har opptrådt med scenen og i musikkvideo med T-skjorter frå Norwegian Rat.

Ein ypperleg måte å presentere kleda, synes moteskaparane. Dei ser nemleg ikkje for seg at presentasjonen av kleda skal skje på ein catwalk, som til dømes under Oslo Fashion Week.

— Nei, det kolliderer litt med konseptet vårt. Det passar seg nok betre at me får unge og framadstormande musikarar til å bruke dei og vise dei fram på den måten i staden. Eller me kan lage spesielle opplegg der me presenterer kleda, seier Haaland.

— Kor store ambisjonar har de?

— Me har inga grenser, men det naturlege utgangspunktet vårt er jo Noreg. Men me vil ikkje sette nokon grenser på nettbutikken vår og kjem til å sende til heile verda dersom kundane vil det. I løpet av tre-fem år kan det vere aktuelt å få sin eigen butikk i Oslo/Stavanger. Når det begynner å gå bra, ser me ikkje bort frå at lokala til lager/sendingane kan ligge i Etne, smiler Viskjer og legg til at selskapet med glede kjem til å skatte til Etne.

Les saka i Grannar!