Vil stoppe reklame på Facebook

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Reklame-nei til Facebook

– Vi meiner Facebook skal omfattast av same regelverk som gjeld for reklame formidla direkte per e-post og tekstmeldingar. Det er ikkje lovleg med mindre mottakaren har samtykt i det, seier Petter Ravne Bugten, fagdirektør for IKT hos Forbrukarombodet til Adresseavisen.

Stadig fleire annonsørar sørgjer for å få plassert reklamen sin i den personlege nyheitsstraumen til Facebook-brukarane, i tillegg til annonsane som finst i spalta til høgre på det sosiale mediet.

Det norske Forbrukarombodet har alliert seg med dei andre omboda i Norden, og har no sendt brev til EU-kommisjonen med spørsmål om den europeiske spam-lovgivinga.

– Vi ønskjer å få klargjort rekkjevidda av direktivet, og om nyheitsstraumen på Facebook er ein direkte marknadsføringskanal på linje med e-post og tekstmeldingar, og om det dermed må krevjast samtykke frå mottakaren for kvar enkelt reklame som blir posta, seier Ravne Bugten. (©NPK)