Vil stengja kranane klokka to

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa har no gjeve grønt lys til å gjennomføra ei innstramming i skjenkjepolitikken, slik det blei varsla for to år sidan, skriv VG. Etter det avisa fortel skal statsminister Jens Stoltenberg (Ap) no vera overbevist om at skjenkestopp klokka 2.00 vil føra til mindre vald.

– Ved å stengja kranane klokka 2.00 vil vi kunna frigjera politi til andre oppgåver, seier Jan Bøhler (Ap), som er fungerande leiar i justiskomiteen. Han viser til at stortingsgruppene til alle dei tre regjeringspartia har vedteke skjenkestopp.

– Vi vil ha forslaget om skjenkeavgrensing så raskt som mogleg. Å innskrenka skjenketida er eit særs effektivt forslag som kan bidra til å gjera Oslo tryggare, seier nestleiar Trygve Magnus Vedum i Senterpartiet til VG. (©NPK)

Kva meiner du om forslaget?