Vil registrera jukse-studentar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stenger ute jukse-studentar

Frå i haust kan alle studentar som blir straffa for fusk, ende i eit eige nasjonalt register. Registeret skal hindre juksemakarane i å melde seg opp til eksamen ved andre lærestader.

IT-avdelinga ved Universitetet i Oslo har hatt systemet for registrering klart i snart eit år. Men før dei kan ta det i bruk, må universitets- og høgskolelova endrast, skriv Khrono, nettavisa til Høgskolen i Oslo og Akershus.

– Eg trur vi kan komme i gang cirka 1. august i år viss alle lovendringar og forskrifter kjem på plass, seier prosjektleiar Geir Magne Vangen.

Registeret får namnet RUST – Registeret for utestengde studentar. (©NPK)