Vil på jakt i romjula

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Norge er det ikkje lov å jakte mellom julaftan og 2. januar. Dyra over grensa til Sverige nyt ikkje godt av denne romjulsfredinga. Der er det lange tradisjonar for jakt på småvilt i romjula.

No vil Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) ha slutt på forbodet. Dei vil at jakt på rev, rype og hare, som mange stader er tillate både før og etter romjula, skal vere lovleg også under juledagane.

LES OGSÅ: Folk strøymde til kinoane

På Hareidlandet varte årets småviltjakt frå 1. oktober til 23. desember.

– Romjulsfredinga er eit særnorsk fenomen. Svenskane har for eksempel gode tradisjonar for at i romjula tek ein med seg familien, tuslar ut i skogen, skyt kanskje ein hare, og har ei god friluftsoppleving i fellesskap. Slik ønskjer vi det også, seier NJFFs informasjonssjef Espen Farstad til NRK Nordnytt.

Ny framstøyt
NJFF forsøkte å få til ei regelendring for eit drygt år sidan. No blir det gjort ein ny framstøyt. Det har kome fleire signal om at fleire viktige medlemmer av Stortingets energi- og miljøkomité, som har ansvar for forskriftsendringar i jaktlova, er positive til ei endring.

LES OGSÅ: Rekordmange medlemar

– Eg veit det har vore ulike synspunkt, og det er det nok framleis, men samstundes så meiner eg at det er gode argument for å fjerne fredingstida, men vi må ta den diskusjonen først, seier Terje Aasland (Ap) til Nrk Nordnytt. Han leiar energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Grimstad positiv – med atterhald
Oskar Grimstad frå Hareid er Framstegspartiet sin representant i komiteen. Han er også positiv til ei regelendring, men ikkje utan atterhald.

– For min del så tenkjer eg at ein bør respektere julefreden mellom anna første juledag. Men så er det kvardagar i romjula, og då ser eg ingen grunn til at ein ikkje skal kunne nytte tida til å dra på jakt, seier Grimstad til NRK Nordnytt.

Ifølgje NJFF er dette i tråd med forslaget dei har lagt på bordet.

Les saka i Vikebladet!