Vil lage sportsdrikk av fiskehovud

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om eit par år er det kanskje fisk du drikk under treningsøkta, skriv Forskning.no.

I dag er det ofte berre ein liten del av fisken som vert selt som filet i butikken, men dei fleste tenkjer kanskje ikkje så mykje på kor resten vert av.

Tone Aspevik, doktorgradsstipendiat ved matforskingsinstituttet Nofima forskar på korleis ein kan utnytte fiskerestar til menneskeføde.

LES OGSÅ: Roten fisk mot røyksug

– I dag blir restane hovudsakleg nytta som grisefôr – sjølv om det er av høg kvalitet, seier Aspevik.

Restar av råstoff frå marine artar var på totalt 900.000 tonn i Noreg i 2014. Fiskehovud og ryggar av laks utgjorde aleine om lag 100.000 tonn. Motivasjonen til forskaren er å få til ei meir berekraftig utnytting av den dyrebare fisken som i dag blir altfor lite nytta, og det er eit aukande behov for alternative proteinkjelder.

Aspevik seier at moglegheitene er mange, og ho har nytta hundrevis av arbeidsdagar på å prøve å utnytte protein som er igjen frå rygg og hovud av laks. Doktorgradsstipendiaten lagar proteinpulver av fiskerestane, men seier at det ikkje smakar særleg godt.

LES OGSÅ: No kan laksen smake gris

– Eg har klart å redusere den bitre smaken. No smakar det ikkje så bittert, men det smakar framleis fisk. Eg trur det kan vere eit godt utgangspunkt for å lage fiskebaserte produkt som fiskesupper og fiskekaker til dømes, seier Aspevik.

Ho meiner det er mogleg å nytte fiskerestane til å lage proteinpulver som kan nyttast i sportsdrikk, og at den same framgangsmåten kan nyttast for å ete insekt i framtida. (©NPK)