Vil ikkje bli politisk broiler

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Melder seg ut av AUF

– Eg trur ikkje politikk som einaste karriere er heldig for nokon, sa Viljar Hanssen til Nordlys, som først melde om saka.

LES OGSÅ: Viljar vann valet – og livet

Sleppte nyheita på Facebook
Til Framtida fortel Viljar Hanssen at han med dette utspelet vil setje fokus på – og skape debatt om – noko han meiner er eit problem i det norske samfunnet. Eit problem som ikkje vert snakka så mykje om.

– Eg trur det er usunt å leve eit liv i den politiske bobla, forklarar Hanssen.

20-åringen er ein av dei overlevande frå Utøya. Allereie som 13-åring vart han verva inn i AUF. 15 år gamal starta han Svalbard AUF, som ei stund var større enn Svalbard Ap. Der var han leiar fram til 2011.

Han har i fleire år sitte i fylkesstyret Troms AUF, og det var på årsmøtet deira denne helga at han sleppte nyheita om at han trer ut av politikken. På si Facebook-side skriv han følgjande:

«AUF har gitt meg noen av mine største, mest fantastiske øyeblikk, men også mine aller verste. Og etter syv år med opplevelser og øyeblikk i AUF er det på tide å ta to skritt tilbake å se seg litt om. Er nå på mitt siste årsmøte, men kommer aldri til å glemme tiden i ungdomspolitikken. AUF er ikke en tittel, et verv, det er en sinnstilstand, og jeg vil alltid være AUF'er.» 

For no vil ungdomspolitikaren ut og sjå kva anna livet har å by på, som han skriv på sin Twitter-konto.

– Trur du at du kjem attende i politikken?

– Sjølvsagt trur eg det. Eg er fortsatt medlem i Arbeiderpartiet og brenn sterkt for sosialdemokratiet.

LES OGSÅ: Dei yngste på Stortinget

Broilerar i Ap og Høgre
Hanssen meiner at det er for mange unge menneskjer som knapt har noko erfaring frå anna enn politikk, og som endar som karrierepolitikarar utan å ha levd eit tilnærma «vanleg» liv. Dei beste politikarane har erfaring frå arbeidslivet, trur den nyleg avgåtte ungdomspolitikaren.

– Dei dyktigaste politikarane er sjeldan dei som berre hoppar frå verv til verv innad i eit politisk parti og aldri har sett politikken frå nokon annan synsvinkel, forklarar Hanssen til Nordlys, og då er det dei politiske broilerane han siktar til.

Han meiner det er for mange slike broilerar i politikken, særleg i dei store partia, som Høgre og Ap.

– Det er typisk for dei partia, seier Hanssen, som understrekar at han ikkje har noko imot desse politikarane. Han vil berre ikkje ende opp som ein av dei.

– Politikk for folket
Planen hans no er å studere vidare. Sannsynlegvis vert det leiing, innovasjon og marknadsstudiet til hausten.

Han trur livserfaringar er viktig for ein politikar og meiner det kan vere farleg om det vert eit for stort gap mellom politikarane og dei politikken er til for.

– Politikken er til for folket og då må politikarane vere ein del av folket.

Kamp om posisjonar er ei anna side av politikken han har sett seg lei av.

Likevel, tittelen “tidlegare AUF’ar” tykkjer han er trist. Men det betyr ikkje at han ikkje kan vere ein engasjert samfunnsborgar.

Og Viljar Hanssen er som sagt sikker på at han ikkje er ferdig med politikken.