Vil ikkje betala bota på bokmål

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nektar å betale bot på bokmål

 – Dette handlar om identitet. Tenk om det kom på engelsk, tenk om vi i framtida ikkje har vårt norske språk, til dømes? Viss vi ikkje stretar i mot, så hamnar vi der. Det er berre daud fisk som følgjer straumen, sa Jens Brekke til NRK Sogn og Fjordane, som først omtala saka om den ivrige nynorskforkjemparen.

LES OGSÅ: Krev nynorsk kvitter frå politiet 

Klaga på målform
Det heile byrja i mai i år. Brekke missa kontrollen då han brann noko avfall i hagen heime i Vik.

Han fortalde om forholda ved Vik lensmannskontor og fekk tilsendt ei bot på 7000 kroner. Bota vart redusert med 1400 kroner fordi han sjølv innrømte det heile.

Denne bota vil han gjerne betale, men ikkje så lenge Sogn og Fjordane politidistrikt sender førelegget på bokmål.

Brekke støttar seg til mållova, som slår fast at bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vere jamstilte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune.

Statsorgan skal svare på skriv frå private rettssubjekt i den målforma som er nytta i skrivet. Om statsorganet ikkje veit kva målform mottakaren føretrekk, kan dei velje fritt. Men om du kontaktar dei og seier du vil ha det på ei anna målform, har dei plikt til det.

Det gjorde Brekke, utan at han har fått noko svar frå Sogn og Fjordane politidistrikt.

LES OGSÅ: Her bryt politiet lova 

– Rett skal vere rett
Saka har sidan gått til Statens innkrevjingssentral, som har sendt fleire purringar. Gebyret er no oppe i 8290 kroner.

Siste nytt i saka er at Brekke har fått melding om utleggsforretning, noko som vil seie at innkrevjingssentralen vedtek korleis gjelda skal betalast.

På telefon til Framtida.no fortel Jens Brekke at han vil stå på sitt.

– Rett skal vere rett. Det er så vanleg at nynorskfolk vert overkøyrd at det er ingen som reagerer. Men det er staten – ikkje eg – som har laga desse reglane, og me har rett til å få det på vårt eige språk, understrekar han.

Brekke meiner at politiet er særleg dårlege til å følja mållova, noko han òg har erfart tidlegare. På 80-taletet nekta han å godta ei fartsbot på bokmål. Ei sak som skulle føra til ein over sju år lang kamp.

Det heile enda med at politiet no har fått eit eige nynorskskjema til fartsbøter og skal spørje bilførarar om kva målform dei vil ha bota på.

– Eg har berre brote ei lov – om eld og eksplosjonsfare, medan politiet no har brote to – mållova og forvaltningslova, sidan dei ikkje har svara meg, seier Brekke.

LES OGSÅ: Bryt mållova: Skriv for mykje nynorsk

Bokmålsskjema i politiet
Til NRK beklagar politiadvokat Sissel Kleiven ved Sogn og Fjordane politidistrikt at dei ikkje har svara Brekke.

Kollegaen hennar, politiinspektør Bjørn Larsen, meiner likevel at Brekke ikkje har krav på å få førelegget på nynorsk.

– I mållova står det at rettsstellet er unnateke reglane i mållova. Også Sivilombodsmannen har i eit vedtak i ei liknande sak uttalt at rettargangsverksemd er eit område der mållovsreglane ikkje gjeld. Eg held meg til det, seier Larsen til NRK.no.

I mållova heiter det at rettstellet, med unnatak av den administrative delen er unnateke mållova.

Larsen fortel òg at systemet som juristane nyttar er eit bokmålsystem, som er likt over heile landet.

QUIZ: Forstår du bokmål?

Mållagsstøtte
Brekke undrar seg over at politiet i nynorskfylket i det heile teke sender ut skriv på bokmål.

Han får støtte av dagleg leiar i Noregs Mållag, Gro Morken Endresen.

– Eg tykkjer det er rart at slikt skjer når ein veit at statsorgan i Sogn og Fjordane skal bruke nynorsk som tenestemål. Ein skulle tru at den automatiske utsendinga var på nynorsk, seier Endresen til NRK, og legg til:

– Mållova seier at privatpersonar har rett på å få skriv og skjema som gjeld seg sjølv på den målforma dei vil.

LES OGSÅ: NAV bryt mållova – igjen 

Språkrådet konkluderer
Framtida.no har vore i kontakt med Språkrådet for å få greie på kven som har retten på si side.

«Sivilombudsmannen har vurdert dette spørsmålet før, i ei tilsvarande sak. Konklusjonen vart då at førelegg ikkje er omfatta av mållova. Men all korrespondanse knytt til førelegget skal følgja mållovsreglane. Brekke kan altså ikkje krevja å få førelegget på nynorsk, men svaret i klagesaka skal politiet skriva i målforma Brekke nyttar», svarar seksjonsleiar Kristin Solbjør, på epost.

Jens Brekke meiner at sivilombodsmannen ikkje har noko med handhevinga av mållova å gjere, og at han likevel har retten på si side når han krev førelegg på eiga målform.