Vil heve aldersgrensa

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei plastiske kirurgane opplever stor pågang frå unge som vil rette på utsjånaden sin, ikkje minst om sommaren. No bør den nedre aldersgrensa på 18 år hevast, meiner psykologspesialist Marianne Iversen.

Ho har arbeidd med psykiske lidingar i over tjue år. Ho meiner at aldersgrensa for å få ta plastiske operasjonar bør hevast til meir enn 20 år, skriv Bergens Tidende.

LES OGSÅ: Me kan spørje oss om me har gått for langt

– Det er meir sannsynleg at ein modnar både tankemessig og kjenslemessig når ein kjem litt opp i tjueåra. Da vil dei fleste kunne ta ei avgjerd på eit breiare og djupare grunnlag, seier ho.

Særleg om sommaren er pågangen stor for å få utført kosmetiske inngrep. Plastisk kirurg Christian Busch ved Teres Bergen seier til avisa at omtrent halvparten av kundane deira er mellom 20 og 25 år, men at klinikken ofte rår dei yngste pasientane til å vente med operasjonane.

LES OGSÅ: Ein farleg livsstil

Psykolog Iversen seier at det særleg er mange yngre kvinner som slit med dårleg sjølvbilete og er misfornøgde med utsjånaden sin, og som derfor vurderer å ta plastisk kirurgi.

– Eg har fleire gonger stilt meg spørsmålet om nokon av desse jentene kanskje ikkje hadde trunge behandling hos psykolog viss utsjånadsideala i samfunnet hadde vore mindre strenge og nådelause, seier ho.

Styreleiar i Norsk plastisk-kirurgisk forening,Thomas Kristian Sjøberg synest likevel at 18-årsgrensa vi har i dag, er passande.

LES OGSÅ: Ærleg og brutalt