Vil ha strengare krav til barnevernsborn

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stiller krav til barnevernsborn

– Borna må ha trua på at dei kan prestere. Då nyttar det ikkje å stakkarsleggjere dei. Me skal ha like store ambisjonar og tru på deira vegne som vanlege foreldre har ovanfor eigne barn, seier barneminister Solveig Horne (Frp) til avisa Vårt Land.

LES OGSÅ: Fråfall frå vidaregåande aukar risikoen for trygd

Éin av ti i kontakt med barnevernet
To tredelar av norske barnevernsborn fullfører ikkje vidaregåande skule. Det syner ein ny rapport Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) la fram saman med statsråd Horne førre veke.

– Dette er eigentleg normalt utrusta barn. Med riktig hjelp får dei til skulen, seier Mari Trommald, direktør i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet til Vårt Land.

29 prosent som byrja på vidaregåande utdanning i 2008, har ikkje fullført etter fem år, ifølge SSB.

Éin av ti er i kontakt med barnevernet i løpet av oppveksten.

Trommald etterlyser eit paradigmeskifte i norsk barnevern sin praksis i arbeidet med utdanning, gjennom haldningsendringar og kompetansehevande tiltak.

Rapporten etterlyser auka merksemd og kompetanseheving om utdanning, tydelegare forventningar til skuleprestasjonar og betresamarbeid på tvers av ansvarsområde.

LES OGSÅ: Vil ha obligatorisk vidaregåande

Glastaket
I fjor haust la Solveig Horne 10 millionar kroner på bordet for å gje barnevernsbarn betre tilpassa utdanning. Ho varslar at satsinga skal følgjast opp i haustens statsbudsjett, men meiner det handlar om meir enn pengar.

Parallelt med denne satsinga må det statlege barnevernet spare inn store summar ved å leggje ned årsverk og tilbod landet over. Spesielt kritisk er det for Bufetat Vest, som må kutte mellom 150 og 200 årsverk i perioden 2013-2015, ifølgje Fellesorganisasjonens tidsskrift Fontene

Forskingsdirektør ved Atferdssenteret Terje Ogden snakkar om eit «glastak for barnevernsborn».

– Det er overraskande at ei så kraftig overvekt av dei aldri kjem lenger enn til grunnskulen, og kanskje ut av den med veldig låg kompetanse. Om dei ikkje kjem seg gjennom skuleporten, er vegen veldig kort til eit marginalt liv, seier universitetsprofessoren, som har sete i referansegruppa for rapporten, til Vårt Land.

Barnevernsborna har opplevd omsorgssvikt, mishandling og overgrep, og har lite ressursar å klare seg med i skulen, forklarar professoren, som meiner dårlege karakterar må sjåast i samanheng med dette.

Ogden tykkjer det sterke karakter- og skulefokuset er ein svakhet ved rapporten og politikken dei seinare åra

– Det vert litt enkelt å seie at meir undervisning er løysinga, seier professoren, som meiner ein burde sett nærare på barnas sosiale bakgrunn og kvardagsrutinar. 

Faktaboks

Barneminister Solveig Hornes tiltak:

• Frå og med dette skuleåret skal alle statlege barnevernsinstitusjonar ha ein skuleansvarleg

• Obligatoriske skulekurs ved institusjonar og fosterheimstiltak er sett i gang

• Det vert jobba med ein rettleiar for tilsette i skule og barnevern

• Tilsette i barnevern og skule vert invitert til regionale dialogkonferansar

• Det vert vurdert om lova må endrast for å sikre skuleplass ved VGS når unge vert flytta over fylkesgrenser. Å skaffe plass er ofte eit stort problem.

Kjelde: Vårt Land, Bufdir