Vil ha omkamp om DLD

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag kveld vedtok Stortinget å innlemma EUs datalagringsdirektiv i norsk lov, med 89 mot 80 stemmer.

Direktivet pålegg lagring av data for epost, telefoni og tilgang til internett. Identitet og tidspunkt for kommunikasjon og lokaliseringsdata for mobiltelefonar skal lagrast i seks månader. Data som røper innhaldet i kommunikasjonen skal ikkje lagrast.

Ved etterforsking av ei kriminell handling som er alvorleg nok, kan til dømes politiet kontakte den aktuelle leverandøren og krevje loggane som handlar om den saka eller personen som vert etterforska.

Håpar på nytt fleirtal
– Dette er ein trist dag for personvernet, for rettsstaten og for Høgre og Arbeidarpartiet. Dei bør ikkje tilgjevast, for dei veit nøyaktig kva dei gjer, seier Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre.

Unge Venstre var dei første i det politiske Noreg som tok til orde for at Stortinget burde reservera seg mot datalagringsdirektivet (DLD). Dette vart vedteke av Unge Venstre si landsstyre allereie i 2006, før direktivet var ferdigbehandla i EU.

KOMMENTAR: DLD is coming to town

– Kampen mot DLD er tapt i denne omgangen. Men med eit nytt fleirtal på Stortinget etter 2013 vil det kanskje vera håp. I alle fall kjem Unge Venstre til å presse på for at ein ny, borgarleg regjering reverserer denne massive overvakinga av det norske folket, seier han i ei pressemelding.

Nytt verktøy mot kriminelle
Arbeidarpartiet lovar at innføringa av datalagrings­direktivet skal evaluerast. Både det som har med personvern å gjera og lagringstida vil vera blant det som skal evaluerast.

– Kriminaliteten kjenner ingen grenser. Det må speglast i arbeidsmetodane og verktøya til politiet. Samstundes kan ikkje teknologien regulerast berre gjennom nasjonal lov, han er grunnleggjande internasjonal. Endringane som no blir gjort i ekomlova sikrar at norsk politi får naudsynte verktøy og sikrar samstundes tryggleiken og personvernet, seier stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet Anne Marit Bjørnflaten til dna.no.

Faktaboks

I desember 2010 la regjeringa fram to saker for Stortinget om EUs datalagringsdirektiv: ei lovsak med forslag om gjennomføring i norsk rett, og ei samtykkesak med formelt forslag om innlemming av direktivet i EØS-avtalen.

Ei fleirtalsregjering vil i dei fleste tilfelle ha fleirtalet i Stortinget bak seg i saker som kjem frå regjeringa. Denne saka skil seg frå dette då SV og SP, i dagens koalisjonsregjering, allereie i proposisjonane frå regjeringa har varsla at dei er imot forslaget.

Les meir på Wikipedia (nynorsk)!

Les referat frå heile debatten på Stortinget!