Vil ha øko-stat

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Venstre føreslår å innføre ei offentleg innkjøpsordning for å setje fart i salet av økologisk mat i Noreg, men Framstegspartiet meiner det vil gi auka kostnader til kommunar og stat.

LES OGSÅ: Pustar seg til døde

Guri Melby, som har leidd programarbeidet i Venstre og er stortingskandidat i Oslo, meiner staten ikkje gjer nok for å få opp økologisk forbruk og produksjon.

– Det offentlege er ein storinnkjøpar av varer i Noreg. Det offentlege må difor ta rolla som førebilete og skape større etterspurnad etter økologiske varer, seier Melby til Dagens Næringsliv.

LES OGSÅ: Stiller politikarane til veggs

Ho meiner dette kan skje gjennom eit offentleg innkjøpsreglement. Slik kan det offentlege skape ein marknad for økologiske varer, meiner Melby.

Men nestleiar i næringskomiteen på Stortinget, Harald T. Nesvik (Frp), meiner forslaget er dårleg.

– Vi har eit regelverk i dag som gir trygg og god mat. Å krevje frå det offentlege og andre institusjonar at ein skal ha økologisk mat, er ikkje noko vi støttar, seier Nesvik.

Han meiner at krav til innkjøp av økologiske varer i det offentlege vil gi auka kostnader til kommunane og staten. Nokon må bere kostnadene, meiner han, og legg til at det er utopi å tro at kommunebudsjetta i dag har rom for dette utan at det vil få konsekvensar på andre område.

LES OGSÅ: – Helvete sel ikkje