≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Nynorsk, Norsk Målungdom, VG

Vil ha meir nynorsk i VG

Norsk Målungdom håpar Gard Steiro tar med seg gode språkhaldningar til sjefsredaktørstolen i VG.

Åsmund H. Eikenes
måndag 9. januar 2017 16.02

Vil ha meir nynorsk i VG Leiar i Norsk Målungdom, Synnøve Marie Sætre, har ei tydeleg oppfordring til VG. Foto: Ole Gunnar Dybvik

«Vi vil sjå meir nynorsk på spalteplass, ikkje berre i innsendte debattinnlegg.», skriv Norsk Målungdom på Facebook. Oppfordringa går til den nye sjefsredaktøren i VG, Gard Steiro.

Før Steiro kom til VG var han sjefsredaktør i Bergens Tidene (BT). I 2013 feira BT Ivar Aasen sin 200-årsdag med å lage alt det redaksjonelle stoffet på nynorsk. Lenge leve spynorsken, skreiv Steiro, og nynorskbrukarane sette stor pris på stuntet.


Gard Steiro er ny sjefredaktør i VG. Foto: privat

Målungdomen har klare forventingar til språkpolitikken til den nye leiaren.

– Det er viktig at journalistane får lov til å skrive nynorsk fordi VG er ei avis som i utgangspunktet dekkjer heile landet, og dimed har store mengder nynorskbrukarar som lesarar, skriv Synnøve Marie Sætre i ein epost til Framtida.no, og held fram:

– Me meiner nynorskbrukarane skal ha retten til å møte språket sitt i riksmedia. Dette burde vere eit særskilt ansvar for dei største avisene, i og med dei ikkje dekkjer berre eit avgrensa område, men heile landet. Ved å gje journalistane lov til å skrive nynorsk, vil lesarane få møte meir nynorsk.

Sætre er også bekymra for eit press mot nynorskbrukande journalistar.

– Dei kan bli nøydde til å leggje frå seg språket sitt om dei skal jobbe i VG. Det er diskriminering som bokmålsjournalistane ikkje vert utsette for.

Framtida.no har vore i kontakt med Steiro, som er kjend med ønsket om meir nynorsk i VG og andre riksaviser. Han fortel at målform og språk ikkje har vore tema på hans fyrste arbeidsdag som sjefredaktør. 

Les Facebook-innlegget til Norsk Målungdom her:



Oppdatert: tysdag 10. januar 2017 16.09
Kommentarar



 
ANNONSE: