Vil ha intervju for lærarstudentar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På landsmøtet i helga vedtok KrF at dei vil ha opptaksintervju for lærarstudentar

– Det vil vere eit viktig tiltak for å rekruttera dei rette studentane inn i lærarutdanninga, og det vil vere mykje meir treffsikkert enn å heva karakterkravet i matematikk, slik regjeringa no har gjort, uttala skulepolitisk talsmann i KrF, Anders Tyvand, til NTB.

Han meiner at evna til å formidle, kommunisere med barn og unge og å vere ein tydeleg leiar, er minst like viktige evner hjå ein god lærar som mattekarakteren og er uroa for at karakterkravet vil ekskludera mange gode kandidatar.

– I mine auge er det både urimeleg og ufornuftig å stilla krav om at ein som vil bli lærar i norsk, historie og samfunnsfag, må ha firar i matte. Då hadde det vore meir fornuftig å stilla karakterkrav i dei faga ein faktisk ynskjer å fordjupa seg i, seier han vidare.

Finland, som ofte vert nytta som eit føregangsland innan skulesystem, har ei slik ordning.

LES OGSÅ: Innfører femårig lærarutdanning på masternivå

SFO-kvalitet og elevtak for dei minste
Arbeidarpartiet har òg teke til opptaksintervju til lærarutdanninga.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) har på si side foreslått å skjerpa karakterkravet i matematikk frå 3 til 4 for søkjarar til lærarutdanningane neste år. Eit forslag KrFtidlegare har åtvara mot.

Vidare har KrF vedteke nei til heildagsskule, men ynskjer ei kvalitetsreform av skulefritidsordninga (SFO). Partiet går òg inn for å få fleire yrkesgrupper inn i skulen.

I likheit med Arbeidarpartiet går KrF òg inn for ei norm for lærartettleik. Frå 1.-4.-årstrinn vil KrF ha eit snitt på 16 elevar i klassen.

LES OGSÅ: Lærarstudentar vert verande