Vil ha inntakskrav til vidaregåande

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha inntaks- krav til vidare- gåande

På byggfag har 45 prosent av elevane under tre i snitt frå ungdomsskulen. I Oslo er det mange fleire elevar med låge karakterar som går på yrkesfag.

Kristian Skjølaas, næringspolitisk leiar for NHO i Oslo og Akershus, er uroa.

– Enkelte yrkesfag i den vidaregående skulen synest å bæra preg av oppbevaring meir enn eit aktivt og medvite yrkesval frå elevane, seier Skjølaas til Aftenposten.

Han meiner det er på tide å diskutere om ein bør innføre inntakskrav for å kome inn på vidaregåande skule.

– Sikker veg til arbeidsløyse
– Eit slikt dumpesystem som NHO vil innføra vil berre skyve fleire ungdomar ut av utdanningssystemet, og det er ein sikker veg til arbeidsløyse, seier statssekretær Lisbeth Rugtvedt (SV) i Kunnskaps- og utdanningsdepartementet til NRK.no.

I dag har ungdom rett til vidaregåande utdanning etter grunnskulen.

LES OGSÅ: – For dårleg rådgjeving

Vil heva statusen til yrkesfaga
Både statssekretæren og leiaren av utdanningskomiteen på Stortinget, Marianne Aasen (Ap), meiner det er viktig å heva statusen til yrkesfaga.

– Me må snakka opp yrkesfaga slik at fleire skuleflinke vurderer yrkesfag som ein eigna karriereveg, seier Aasen til NRK.no, og tek samstundes til orde for at rådgjevarane må gjera ein betre jobb for yrkesfaga.

LES OGSÅ: For smart til å gå på yrkesfag?

Elisabeth Aspaker (H), også ho i utdanningskomiteen, vil heller ikkje innføra inntakskrav til elevar på vidaregåande. Til liks med regjeringa meiner ho elevane som slit i ungdomsskulen må få meir hjelp. Ho meiner i tillegg at kommunane må stillast meir til ansvar for at elevane har godt nok fagleg nivå til å koma seg vidare.

Kva meiner du? Bør det stillast krav til karakterar for å koma inn på yrkesfag?