Vil ha idrettsminister og idrettskort

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha eigen idrettsminister

– Det er utfatteleg trist at ikkje alle har økonomisk høve til å vera aktive i idretten. Dette er noko som må takast på alvor, seier Sandra N. Borch, leiar i Senterungdomen.

Berre kring ein tredjedel av barn og unge frå familiar med inntekter under 345.000 kroner er med i idrettslag. For familiar med inntekter over 680.000 i året, er sannsynet for å vera med i idretten over 60 prosent. Det kjem fram i ein rapport frå Senter for sivilsamfunn og frivillig sektor.

LES SAKA: Idretten skyv fattige frå seg

Føreslår eigen idrettsminister
– Eg er lysten på å få ein eigen idrettsminister i Noreg. Det er noko som Senterungdommen no vurderer å få inn i Stortingsvalprogrammet sitt, seier Sandra N. Borch.

– Ein eigen idrettsminister kan leggja endå betre til rette for idrett blant unge. Idrett er viktig for samhald, for fysisk aktivitet og ikkje minst for frivilligheit. Så ein idrettsminister som følgjer opp utviklinga av idretten – og ikkje minst av talent – meiner eg er eit veldig positivt og viktig tiltak.

LES OGSÅ: – Foreldre betalar nesten kva som helst

Føreslår ungdomskort i idretten
KrFU-leiar Elisabeth Løland seier at det diverre ikkje er noko nytt at born frå fattige familiar deltek mindre i organiserte fritidsaktivitetar.

– Det er bra at denne rapporten igjen tek opp problemet. Det at foreldra ikkje kan betale kontingent eller kjøpe inn utstyr til borna fører til at dei ikkje vere med på idrettsaktivitetar. Dette fører til økt marginalisering og at borna står i fare for å hamne utanfor som vaksne òg.

– Frå politisk hald er «kulturkortet/aktivitetskortet» som fleire fylkeskommunar har sett i gang eit godt tiltak. Dette gjev rabattar for born og unge på kulturarrangement i kommunen. Slik kunne vi òg ha gjort med idretten, seier Løland.

– Til dømes kunne ein forhandla fram rabattar på utstyrspakke til å delta på det lokale fotballaget, eller på årskontingenten på symjelaget. Det vil vera eit tiltak som gagnar fleire enn dei fattige og blir difor ikkje stigmatiserande, understrekar KrFU-leiaren.

Seksjonsleiar for barn og unge i Norges Idrettsforbund, Mads Andreassen, kommenterer forslaget slik:

– Eg trur ein hadde hjelpt mange ved å støtta idrettslaga slik at dei kan kjøpa inn utstyrspakker som kan lånast ut, og ved å redusera utgiftene dei har til halleige og liknande, slik at ein kan ha låge medlemskontingentar.

LES OGSÅ: Idretten mistar taket på ungdom

Meir barnetrygd til dei fattigaste
Fleire av ungdomspartileiarane føreslår å slutta å gi lik barnetrygd til alle. I staden vil dei ha større innsats for dei med lågare inntekter.

– Eg meiner me må innføra behovsprøvd barnetrygd i Noreg, slik at dei som faktisk ikkje har råd til å sende borna på aktivitetar gjennom idretten får økonomisk støtte til det gjennom ein behovsprøvd barnetrygd, seier Sandra N. Borch i Senterungdommen.

– KrFU ynskjer ein inntektsgradert barnetrygd, og ein fordobling av beløpet til dei som treng det mest, seier Elisabeth Løland.

Ho får støtte frå Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn.

– Venstre har foreslått å auke sosialhjelpssatsane, og at ein i større grad behovsprøver barnetrygda. Over halvparten av dei som mottek barnetrygd i dag set pengane på konto – samstundes som det blir fleire og fleire fattige born. Venstre vil gje meir til dei fattigaste familiane. Lokalt kan ein også gjera meir, mellom anna bruke sosialkontora til å gå direkte inn og betale for utgifter fattige born måtte ha i samband med idrett og andre fritidsaktivitetar. 

Rotevatn seier at det òg er interessant å sjå at idretten, som lenge har gjort krav på å vere samlande og for alle, diverre ikkje er det likevel.

– Det er lite ein kan eller bør påleggje idretten sjølv å gjera, men som politikarar har vi jo ei rekkje verkemiddel som kan brukast mot barnefattigdom, seier han.

Paul Joakim Sandøy, leiar i Unge Høgre, kommenterer rapporten slik:

– Born som lever i fattigdom må få tilbod frå det offentlege om å dekke to fritidsaktivitetar, om det er idrett eller speidaren eller andre aktivitetar. Eg underkjenner ikkje det sosiologiske aspektet som forskinga dreg opp, men me må òg erkjenne at fleire familiar rett og slett ikkje prioriterer dette på grunn av trong økonomi. Det er ikkje gratis å drive med idrett.

LES OGSÅ: Spring ut fem par joggesko i året

Vil ha meir samarbeid med skulane
Andreas Halse, leiar i Sosialistisk Ungdom, meiner det er viktig å auka samarbeidet mellom skule og idrett.

– Første steg for dette er gym-undervisinga som verkar ekskluderande for mange. Ved å leggja til rette for læring gjennom lyst, vil det kunne bidra til at mange får lyst til å driva med idrett seinare.
– For det andre er det mogleg å sjå for seg at idretten brukar skulen som ein meir direkte rekrutteringsarena ved å leggja aktivitetar til rett etter skoletid og auka samarbeidet om bruk av lokale, seier SU-leiaren.

– Eg trur òg at økonomien har mykje å seia for mange fattige familiar. Kanskje ein burde sjå på høvet for å etablere lokale stipendordningar som kan blir til brukt å kjøpe utstyr til dei som treng det? Dette vil vere ein utgift på kort sikt, men ei investering på lang sikt.

– Jobben som idretten gjer er utruleg viktig for integreringa og for folkehelsa. Difor er det nesten alltid ei god investering å sjå på tiltak som betrar rammevilkåra til breiddeidretten og kan breia ut rekrutteringa, understrekar Andreas Halse.

Framtida.no har òg spurt leiarane av AUF og FpU om kommentar, men har førebels ikkje fått svar.

Kva meiner du skal til for at fleire skal få høve til å driva med idrett?