Vil ha berre fire kommunar i Sogn og Fjordane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha berre fire kommunar

– Vi meiner at dagens struktur hindrar god og effektiv næringsutvikling. Det reduserer den lokale slagkrafta og det hindrar faktisk optimale tenester til innbyggjarane, seier Stang til NRK.

Får Stang det slik han vil, blir kysten av fylket ein storkommune med Florø som kommunesenter, ein kommune vil liggje midt i fylket med Førde som senter, Nordfjord aust for Vågsøy vil bli ein storkommune med Eid som senter, og den siste kommunen vil ha Sogndal som kommunesenter og innehalde store delar av Sogn.

NHO-sjefen i fylket ser føre seg at desse storkommunane vil kunne ta over ein del av oppgåve som fylkeskommunen og Fylkesmannen har i dag. Stang peikar også på at det er problematisk at dei mange småkommunane i framtida vil få problem med å få flinke folk inn i kommuneleiinga.

– Etter kvart som fråflyttinga aukar og det blir håplaust å få tak i administrativ kompetanse rundt om i kommunane, så vil dette her presse seg fram, seier Jan Atle Stang til NRK. (©NPK)

Kva meiner du om forslaget?