Vil ha batteriferjer

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med same teknologi som elbilen Tesla skal norske fjordferjer verte batteridrivne. Selskapet Cavotec i Mjøndalen er med på prosjektet for å utvikle ei ny «miljøferje». Selskapet skal levere eit heilautomatisk system for fortøying og landstraum til den nye ferja, som vert den første i verda i sitt slag.

LES OGSÅ: Framtidas framkomstmiddel?

Først til Sogn
Ferja skal trafikkere E39 mellom Lavik og Oppedal i Sognefjorden, og skal vere i drift frå 1. januar 2015, ifølgje ei pressemelding frå Cavotec. Ferja er bestilt av selskapet Norled og vert bygd ved Fjellstrand verft i Hardanger.

– Vi er glade for å vere med på dette prosjektet, som bør verte starten for bygging av langt fleire batteriferjer. Potensialet er svært stort, seier dagleg leiar Sofus Gedde-Dahl i Cavotec Norge AS.

LES OGSÅ: Ny rapport styrkjer ferjefri E39

Ladar på land
Batteriferjene eignar seg best for kortare strekningar. Då er det mogleg å lade batteri medan ferja ligg til land.

– Marknaden er i ferd med å oppdage at batteridrift ikkje berre er for bilar. Berre i Noreg er det rundt 70 ferjestrekningar som har kortare overfartstid enn 20 minutt. Her vil systemet vere optimalt. Tenkjer vi på verdsmarknaden er potensialet langt større, seier Gedde-Dahl i pressemeldinga.