Vil fortelje historier

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

MITT LIV – MINE VAL: Anna R. Folkestad (29) debuterte med biletboka Henrik And i 2011, i 2012 kom første boka i serien om Unni og Gunni ut, til no er fem bøker om pingvinvennene.

– Eg byrja å teikne pingvinfigurane som vart Unni og Gunni då ei mor med barnevogn hadde trilla våte hjul inn i butikken der eg var og snudd dei rund slik at merka etter hjula likna eit pingvinansikt. Så inspirasjon er overalt. 

Etter eit år på studiespesialisering vart det form og farge på vidaregåande og eit år på kunstskule.

– Det valet har eg aldri angra på. Då visste eg at eg ville skape noko, som kan gje andre menneske ei kjensle.

Etterkvart dukka tanken på å lage barnebøker opp. I første omgang var det illustratør ho ville bli.

– Men ein finn ikkje forfattarar liggjande i grøftekantane no til dags som veiftar med ein barnebok- tekst dei vil at du skal illustrera. Så eg tok rett og slett saka i eigne hender. Og tanken på at eg kunne skrive noko, var komen.

– Det tok tid, og eg hadde nok ikkje skrive debutantboka mi om det ikkje hadde vore for all prøvinga og feilinga. Alle tankane om at det eg gjorde ikkje var bra nok eller at eg skulle vore ein annleis forfattar melde seg, seier Folkestad som framleis ikkje vil snakke om seg sjølv som forfattar.

Skriveprosessen kan bli noko einsam, då er det godt at nokon andre stiller dei kritiske spørsmåla.

– Då er det godt å ha ein redaktør som stiller vanskelege spørsmål. Det blir lite motstand når ein jobbar åleine.

– Kva inspirerer deg?

– Mykje, kanskje litt for mykje. Borna mine er nok dei største inspirasjonskjeldene mine. Ting dei seier, lurer på, eller gjer, og tankar som eg trur dei lurer på. Eg prøver å laga bøker som eg meiner borna mine vil like. Eg vil også lage bøker som kan treffa vaksne. Det tross alt dei som skal orka å lesa bøkene til borna sine, helst mange, mange gonger. Det er stas.

I tillegg finn ho inspirasjon i sitje å teikne.

– Då dukkar det opp ulike figurar som kanskje har noko dei vil fortelje.

– Kva er det med barnebøkene som fasinerer deg?

– Det er dette med at det er ei utfordring at ein skal seie noko med kort tekst og likevel fange interessa til borna. Det skal jo vere ei historie der. Eg ser på boka som ein liten song som skal syngjast. At det er noko som fengjer i den heile vegen.

– Eg kjøper gjerne barnebøker sjølv berre fordi dei er fine å sjå på. Og når eg får litt vondt i magen av å lese og bla meg gjennom dei er det bra. Når eg ser noko veldig fint, får eg vondt i magen. Hyggeleg vondt altså.

Då første boka var ute var tanken på at nokon skulle bedømme litteraturen hennar fjern.

– Det var truleg berre fordi eg var så oppglødd over å ha fått gitt ut ei bok at eg heilt gløymde at det faktisk skulle vera nokon som skulle meine noko om boka. Men, då dei neste bøkene skulle koma 0var eg litt meir spent.

– Då har dei kritikarane plutseleg noko å samanlikna med. Noko det nye er betre eller dårlegare enn. Du gir jo veldig mykje av deg sjølv, du har jo laga noko som du håper er bra og som du er veldig glad i sjølv. Det var då eg skjøna at ikkje alle kan like det eg lagar, og at det er heilt greitt at eg våga å sende inn det første manuset mitt.

Ho vil gjerne skrive ei bok som alle elskar, ei bok alle rundt henne ber med seg eit eksemplar av, som dei søv med om natta for dei ikkje greier å legge ho frå seg. Som vert pynt på peishylla og det sjølvsagte svaret på spørsmålet: Kva ville du hatt med deg til ei aude øy? Ei draumebok rett og slett. Det er lov å drøyme, også om kva som skjer vidare med karrieren.

– Det hadde vore flott om eg hadde kome ut med fleire bøker, kanskje for litt større born enn dei aller minste også. At eg i framtida kan leve av å skrive og illustrere. Eg trur at om ein verkeleg vil noko, tek ein ubevisste val slik at ein nærmar seg draumen sin.

– Har du eit førebilete?

– Eg er stor fan av enkle og rare illustrasjonar og tekstar som er morosame på ein varm og god måte. Eg likar også tekstar eller teikningar som gir meg ein slik «hæ-oppleving» før eg skjønar det og smiler.

Å vere forfattar handlar ikkje berre om å skrive. Det handlar også om å selje seg sjølv og bøkene sine.

– Det er jo veldig gøyalt. Det er så stas. Reise rundt på skular, barnehagar og på festivalar. No har eg jo eit fantastisk publikum i borna. Dei gir så mykje av seg sjølve og er lette å få med. Er litt vanskelegare å lese for vaksne, reknar eg med. No har eg faktisk lese boka Henrik And ein gong for ein del vaksne. Det var både skummelt og gøyalt.

– Kva likar du best; å skrive eller å illustrere?

– For tida er dei ganske likestilte. Eg jobbar gjerne med både tekst og illustrasjon når eg set saman noko eg tenkjer skal verte ei bok. Det gjer at eg ikkje treng skrive det eg illustrerer, som gjer at  eg kan snurpe godt inn på teksten. Eg har også gjerne ei kjensle eg vil at boka skal ha, som eg prøver å formidle i tekst og illustrasjonar. Eg har også bøker som ligg som berre er bilete, men som det ikkje er kome noko tekst til, eg finn den berre ikkje. Så då får det berre ligge å vente til den rette dukkar opp tenkjer eg. 

Les saka i Magasinett!

Les også:
Designblikk!

Rådgjevaren

I vinden

Hekta på festival