Vil få investorane vekk frå Nordic Mining

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil skremma gruveinvestorar

– Dump aksjane, ikkje bruk Førdefjorden som avfallsplass, seier leiar av Natur og Ungdom, Arnstein Vestre.

Han ledar i dag aksjonen mot gruveselskapet Nordic Mining, som i april fekk konsesjon til å dumpa 250 millionar tonn med gruveavfall i Førdefjorden. Avgjersla blir forsvart med at det vil skapa arbeidsplassar lokalt, og at det er behov for minerala som finst i gruvene, men motstanden er også stor, i fleire deler av verda enn Førde.

I dag, tysdag 19. mai, har Nordic Mining generalforsamling i Oslo. Natur og Ungdom nyttar høvet til å senda ein beskjed til investorane i selskapet, ein klubb der Tine mjølk sitt pensjonsfond, Skagenfonda og DNB sitt verdipapirfond er med, med fleire.

– Dette er miljøpolitikk frå ein annan tidsalder. Eg utfordrar Tine, Skagenfonda og DNB til å trekka seg ut av det som kan bli tidenes største forureiningsskandale, seier Arnstein Vestre, leiar i Natur og Ungdom.

LES OGSÅ: Natur og Ungdom er klart til å bryta lova for Førdefjorden

Det er Tine som vekkjer størst harme hos miljøaktivisten.

– Det er inga skam å snu. Det er uhaldbart av Tine mjølk, som er opptekne av rein norsk mat, er investert i eit prosjekt som vil føra til auka utslepp av tungmetall og kjemikaliar i ein nasjonal laksefjord, seier Vestre.

Ivar Fossum, administrerande direktør i Nordic Mining, let seg ikkje påverka noko særleg av Natur og Ungdom sin aksjon i dag, ifølgje NRK Sogn og Fjordane.

– Eg har ingen problem med at Natur og Ungdom ønskjer å markera sitt syn i denne saka i samband med vår generalforsamling, seier Fossum til NRK.

LES OGSÅ: Reiselivet i vest kritisk til deponi i Førdefjorden