Vil bli kvitt fylkesgrensa

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil leggja ned fylkeskommunar

– For oss er Haugesund byen, og me skulle gjerne vore kvitt fylkesgrensa, seier Astrid Yasmin Furdal, medlem i Ungdomsrådet. Sjølv er ho lærling i Haugesund og reiser over fylkesgrensa dagleg.

Onsdag kveld var ho med på å arrangera debatt i Sveio saman med resten av ungdomsrådet, i samarbeid med Sveio folkebibliotek og Framtida.no gjennom debattprosjektet Me snakkast. Debatten blei leia av Olav Bjelland, leiar i Sveio ungdomsråd. Han spurte politikarane om kva dei har tenkt til  gjera for å gjera det lettare for ungdom å reisa over fylkesgrensa.

LES OGSÅ: – Ministeren startar i feil ende

– Høyrer saman
– Rogaland og Hordaland er kanskje dei fylka i Noreg som høyrer tettast saman, seier fylkesordførar i Hordaland Tom-Christer Nilsen (H). Han viser til at næringslivet i begge fylka er likt, med oljeselskap og leverandørindustri.

På nasjonalt plan vil Høgre gjerne bli kvitt heile fylkeskommunen og i staden få større kommunar. Høgretoppen i Hordaland ynskjer på si side å slå saman Vestlandet til ein storregion.

– Rogaland må vera med dersom det skal vera aktuelt, slår han fast.

Planen til fylkesordføraren er å gå gjennom alt som er forskjellig mellom fylkeskommunane.

– Me har byrja med buss og skuleval. Me må få vekk alt som er forskjellig, seier Nilsen.

QUIZ: Kan du dine kommuneslagord?

– Store krefter
Tidlegare i år skreiv varaordførar i Sveio kommune, Jarle Jacobsen, eit lesarinnlegg i Bergens Tidende der han argumenterer for å leggja ned både Hordaland og Rogaland fylkeskommune.

Jacobsen er fyrstekandidat i heimfylket og står på sjetteplass på lista til Hordaland KrF. Politikaren etterlyser ei regionreform og gler seg til den dagen skilta på grensa mellom dei to vestlandsfylka kan takast ned.

Terje Halleland (Frp) er varaordførar i Rogaland, og seier partiet hans eigentleg kunne sett heile fylkeskommunen lagt vekk.

Han kjem frå Ølen som var ein del av Hordaland tidlegare, men som slo seg saman med Vindafjord og blei ein del av Rogaland.

– Me ser kva problem det kan vera med å vera ein grensekommune, seier han. Halleland meiner Haugaland og Sunnhordland bør finna meir saman.

– Me er ein region som er veldig lik og snakkar same språk. Hadde me kunne slått oss saman, ville me kunne hatt store krefter, seier han.

Debatt Sveio, Tom-Christer Nilsen
Fylkesordførar i Hordaland Tom-Christer Nilsen (H), Sveio-ordførar Ruth Grethe Eriksen og Jorunn Skåden, ordførarkandidat for Arbeidarpartiet i Sveio, diskuterte fylkesgrenser førre veke.