– Viktigare enn nokon gong at ungdom kan finne gode fellesskap

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg gler meg til alt!

Denne veka har det vore årsmøte til Norges bygdeungdomslag og i går opna Landsstemnet deira.

Den nyvalde leiaren er klar på at det er trong for organisasjonen:

– Fordi dei som veks opp og bur i Distrikts-Noreg skal ha dei same moglegheitene som dei som veks opp i byane. Vi skaper gode møtestader og miljø på bygda, og vi kjemper for at dei politiske rammevilkåra skal oppretthalde busetting i heile landet. NBU har vore ein viktig del av tusenvis av nordmenn si ungdomstid gjennom våre 70 år som møtestad. Eg vonar vi trengs dei neste 70 åra òg, seier 24-åringen frå Meldal i Sør-Trøndelag.

LES OGSÅ: Stor vekst i Bygdeungdomslaget

– Kva vil NBU merke av forskjell med deg som leiar?

– NBU er ein stødig organisasjon som jamt og trutt utviklar seg. Eg er særs nøgd med at årsmøtet no har vedteke ein god arbeidsplan for det neste året, og for at det i debatten vart vektlagt at vi skal arbeide med inkludering og mangfald i eigen organisasjon. Det gler eg meg så mykje til å ta tak i!

– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

– Først og fremst fordi det er så utruleg artig. Eg trur mange ungdommar sitt engasjement starter med at ein finn eit fellesskap med gode vener og ei sak ein kan identifisere seg med. I Bygdeungdomslaget var eg selt frå første stund. Når eg ser alt det vi får til i NBU, er det å ikkje skulle engasjere seg utenkjeleg.

LES OGSÅ: Rår alle bondespirer til å følgje draumen

Viktig inkludering
– Kva saker er det du brenn for og vil gjere noko med?

– For meg personleg er det viktig at det finns gode kompetansearbeidsplassar òg på bygdene. I ei undersøking NBU har fått gjennomført seier to av tre at dei kan tenkje seg å bu på bygda om det berre finst ein jobb til dei der. I Bygdeungdomslaget hadde vi på årsmøtet gode diskusjonar og ønske om å bli ein meir inkluderande organisasjon. Europa er inne i ei usikker tid, og haldningar vi ikkje kan identifisere oss med veks fram. Eg trur det er viktigare enn nokon gong at ungdom kan finne gode fellesskap i organisasjonane, for å sikre dei gode demokratiske verdiane og for å førebyggje utanforskap. Bygdeungdomslaget skal vere eit slikt fellesskap.  

– Korleis kan ein sikre at meiningane og problema til ungdom som ikkje er engasjerte når fram til dei som styrer?

– Eg meiner ungdom jamt over er engasjerte, og at om nokon trur noko anna er det berre eit bilete på at det ikkje finst gode nok ordningar der ungdom kan få bruke engasjementet sitt. Ungdomsorganisasjonane har ei viktig rolle, men for å sikre at ungdom får påverke dei avgjerslene som angår dei, meiner eg at dei kommunale medverknadsorgana for ungdom må lovfestast på lik linje med eldreråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Då er ein sikra at ungdom i alle kommunar har eit demokratisk organ kor dei er representert.

LES OGSÅ: Ei feiring av lokaldemokratiet

Frå grått til grønt
– Kva bør Noreg leve av når oljen er brukt opp?

– Vi er midt oppi eit skifte frå grått til grønt. Grøne verdiar, frå jord, skog og hav utnytta på ein bærekraftig måte er den einaste vegen å gå. Vi skal leve av kunnskap og teknologi kopla med dei naturgjevne grøne ressursane.

– Kva er idealsamfunnet?

– Eit godt samfunn er eit samfunn kor menneska kan leve gode liv. Det kan ein til dømes gjere på bygda.

Tora Voll Dombu blei vald til leiar i Bygdeungdomslaget denne veka. Foto: NBU

– Det artigaste eg veit om
Etter to dagar med årsmøte, opna Landsstemnet, onsdag. Tora Voll Dombu gler seg fine dagar:

– Eg gler meg til alt! Til å leve det glade campingliv, til å sjå tusen bygdeungdommar synge med og danse til store konsertar og til alle tevlingane og noregsmeisterskapa som føregår på dagtid. Landsstemnet har ei heilt unik stemning, eit samhald mellom folk frå ulike område i landet og det er det artigaste eg veit om, rett og slett.

LES OGSÅ: Ikkje berre bønder

Faktaboks

Studerer/yrke: Studerer samfunnsgeografi på UiO
Favorittfag å skulen: Samfunnsfag
Verv: Styreleiar i NBU
Medlem i: (utanom NBU) Norsk Målungdom, Norges Bondelag, Ungdom mot EU, Natur og Ungdom
Kva gjer du i fritida/hobby: Eg går i fjellet, og er glad i å gå på teater, men først og fremst er det organisasjonslivet som er hobbyen min.