– Viktigare enn nokon gong

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I oktober i fjor byrja Bergen Offentlege Bibliotek med søndagsope. Satsinga har vore ein suksess med kring 500 vitjande i gjennomsnitt kvar søndag. Bibliotekssjef Leikny Haga Indergaard er nøgd med trenden.

– I ein travel kvardag er det viktig at vi kan vere tilgjengelege for flest mogleg. Både gjennom lengre opningstider og helgeope, seier Indergaard.

Når ikkje studentar

Det er primært småbarnsfamiliar som har omfamna det nye tilbodet på søndagar. Studentane er meir fråverande. Indergaard seier dei ikkje er flinke nok til å nå denne målgruppa.

– Vi har studentvenlege arrangement kvar tirsdag, som fagmøter og debatt, men vi er ikkje gode nok på promotering mot studentane, seier Indergaard, som er open for samarbeid med eksterne aktørar som Studentersamfunnet.

Trass i suksessen med søndagsope, viser likevel tala frå 2012 at færre vitjar Bergen Offentlege Bibliotek enn før. Tala viser ein nedgang på mellom fem og ni prosent samanlikna med 2011.

– Det er vi ikkje glade for. I fjor hadde vi nedskjæringar i budsjettet; filialen vår på Landås måtte mellom anna innskrenke opningstida.

LES OGSÅ: Brenn for biblioteket

– Har utspelt si rolle

Fleire har dei seinare åra fremja kritikk mot det offentlege biblioteket. I haust retta den liberal-konservative tenketanken Minerva eit kritisk blikk mot biblioteket. Under tittelen «Bibliotekene står for fall» etterlyste tidsskriftet ei større satsing mot den digitale plattforma. FpU har også vore kritisk, og har tala til orde for privatisering av biblioteket.

– Det er viktig at rollene til offentlege tilbod blir diskutert. Poenga frå Minerva er viktige; om vi ikkje akkurat er «hellige kyr», som skribenten påstår, er eg einig i at biblioteka må halde følge med tidsalderen, seier Indergaard.

Ho fortel at biblioteka er i endring. Digitalisering kopla med stillstand i budsjettet byr på utfordringar.

– Vi er nødt til å satse meir på den digitale plattforma med fleire e-bøker, men førebels er forlaga lite villige til å satse nok på dette.

LES OGSÅ: Låner flest bøker lengst vest

Færre og færre bibliotek

Sidan 1995 har det blitt 355 færre bibliotek i Norge, ein reduksjon på 30 prosent. Det er i hovudsak dei mindre biblioteka i perifære strøk som har vore skadelidande.

– Det er bekymringsverdig at små bibliotek blir lagt ned. Samstundes er det viktig at vi har store, ressurssterke bibliotek på dei større stadane, seier sjefen ved Bergen Offentlege Bibliotek.

Ruth Ørnholt, fylkesbibliotekssjef i Hordaland, er ikkje bekymra over utviklinga.

– Sett i lys av auka mobilitet i samfunnet og av at utlånet har auka sidan 1995, er ikkje nedlegginga bekymringsverdig. Dei nedlagte filialane hadde liten opningstid og lågt utlån, seier Ørnholt.

I likskap med Indergaard trur Ørnholt det er meir berekraftig å satse på nyare, sentrale bibliotek med lengre opningstid og høgare bemanning.

LES OGSÅ: Halve befolkninga bruker biblioteka

Viktig samfunnsoppdrag

– Samfunnsoppdraget til biblioteka er å jamne ut forskjellar mellom folk i tilgangen til informasjon, kunnskap og kultur. Dette oppdraget er viktigare enn nokon gong når Google styrer informasjonsinnhentinga vår, seier Ørnholt.

– Det er naivt og kunnskapslaust å tru at folkebiblioteka sine oppgåver blir erstatta av Internett. Nyare forsking viser at biblioteka spelar ei viktig rolle i ei digital og fleirkulturell tid, forklarar fylkesbibliotekssjefen.

LES SAKA I STUDVEST!

Korleis meiner du biblioteka bør vera i framtida?