Viktig steg mot yrkeslivet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjølv om arbeidspraksis er lovpålagt, er det vanskeleg for flyktningar å få ein fot innanfor yrke som krev spesialkompetanse. I Vindafjord kommune har dei fått ei nytt tilbod på plass.

– Me manglar nokre 90-spikrar til veggen på framsida, dei får de spikra i før me seier oss ferdige, seier Ronny Utbjo (39) som er arbeidsansvarleg lærar for Weldegaber Netabai (33) frå Eritrea og Bal Bahadur Wagle (46) frå Bhutan. Dei er flyktningar og er to av seks heldige som har fått arbeidspraksisplass i bedrifta Ølen Byggservice.

– Det er greitt, svarar Netabai og Wagle og går til verktøyskassa i bilen for å henta dei aktuelle spikrane. Dei har i samarbeid med Innbjo nett bygd eit pumpehus på Dreganes i Ølen, og så snart jobben er ferdig skal dei vidare til nytt oppdrag. Då er det ein stor terrasse som står for tur. Dette lærer dei av, både språkleg og praktisk.

Éin dag i veka har dei arbeidspraksis, og dette er noko dei set stor pris på.

LES OGSÅ: Vil snu negativ flyktningtrend

Arbeidspraksis
Flyktningkonsulent Grete Utstrand er svært fornøgd med å kunna tilby ei heilt ny ordning når det gjeld arbeidspraksis blant flyktningar som skal introduserast til landet. Alle flyktningar må gjennom eit obligatorisk introduksjonsprogram som skal styrka og utrusta dei på best mogeleg måte, slik at dei får høve til å delta både i yrkes- og samfunnslivet. Dei skal også bli økonomisk sjølvstendige slik at dei på sikt kan klara seg best mogeleg på eiga hand.

– I Introduksjonslova får kommunane ansvar for å klargjera flyktningar for vidare utdanning eller arbeid i løpet av to år. Det betyr i praksis at dei skal læra seg norsk, dei skal læra seg korleis det norske systemet fungerer, og dei skal forstå både arbeidsmiljølova, HMS og vita kva rettar og plikter dei har. Både kommunen og flyktningane sjølv synest dette er kort tid, og at kvalitetssikringa kan bli vanskeleg å gjennomføra. Alle nabolanda våre har tre år som frist, seier Utstrand.

Ho legg til at det beste for flyktningane er å få øva seg i praksis, då dette fremjar språk og forståing på ein god måte. Det er her den nye ordninga kjem inn. For sjølv om arbeidspraksis er noko alle flyktningar har rett på, er det ikkje alle yrkesgrupper som har høve til å ta i mot. Dette kjem mellom anna av spesialkompetanse som må ligga i botn for å utføra ein jobb.

LES OGSÅ: Innvandring jamnar ut arbeidsmarknaden

Får snikkaropplæring
Utstrand har fridd til ymse bedrifter både i og utanføre kommunen, med ønskje om å få til ei ordning som kan inkludera flyktningar som ønskjer arbeidspraksis trass kravet om spesialkompetanse. Då Ølen Byggservice fekk førespurnad, tok dei tilsette ein runde saman med dagleg leiar Torstein Hauge for å finna ut om dette var interessant. Utstrand fekk grønt lys og i november i fjor fekk Ølen Byggservice inn seks flyktningar som hadde ønskje om å læra seg snikkarfaget. To og to jobbar dei saman éin dag i veka, og Ronny Innbjo er arbeidsleiar for dei alle.

– Når flyktningane får vera med oss i arbeidspraksis er det mykje norskopplæring i det. Her lærer dei norske ord på verktøyet, dei får læra seg å bruka alle dei elektriske verktøya, og dei får læra norsk byggjeskikk. I tillegg får dei føra dialog med nordmenn i lunsjpausen, og me har lagt ned prinsipp om å ikkje snakka engelsk med kvarandre, seier Hauge.

LES OGSÅFolk på bygda overvurderer innvandringa

Stigande trivsel
Kvar fredag har flyktningane «norsk munnleg» på timeplanen, og etter at Netabai og Wagle starta i arbeidspraksis har læraren deira rapportert at trivselskurva deira har vore bratt stigande. Sjølv er dei heilt einige i påstanden.

– Me likar oss i jobb, men me synest språket kan vera litt vanskeleg, seier Wagle.

Netabai trudde det kom til å bli veldig vanskeleg å komma til Noreg, men han synest det har gått veldig bra, trass i at det språket framleis er ganske vanskeleg å forstå.

Ser framover
Ronny Innbjo synest jobben som arbeidsansvarleg er svært givande.

– Det er kjekt å få bidra til deira læring, samstundes som eg også lærer mykje både av dei, om deira kultur og faktisk om oss nordmenn, seier han.

Netabai og Wagle kom til Noreg for halvanna år sidan, og begge hadde både kone og tre barn med seg. Wagle hadde også far sin på 84 år med seg til landet. Framtidsdraumen om ein fast jobb innan snikkarfaget, er ikkje lenger så fjern som dei trudde. Sjølv om den ligg eit stykke fram i tid.

Saka var først publisert i Grannar.