– Viktig å ikkje gløyme dei yngre

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hard punk og sveitte jenter

– Mange lurer på kvifor me ikkje synger på vår eiga dialekt, men det gjer me jo, seier Caroline Ekeli, vokalist i Frk. Fryd.

For sjølv om ho har vakse opp saman med dei tre andre bandmedlemmene i Stavanger har ho vidareført foreldra si austlandsdialekt. Tonefallet avslørar ho likevel litt.

LES OGSÅ: – Gi meg éin mann som kan konkurrere med melismene mine

Gamle venninner
Når dei er 22 år vil dei ha tiårsjubileum som bandkollegaar. No er dei 20 og har allereie vore musikalske samarbeidspartnerar i over åtte år. Med andre ord har dei hatt god tid på finne sin eigen sound.

I den spede byrjinga prøvde Caroline seg litt på stavangerske strofer. Ifølgje trommis Julie Enger Børresen og bassist Embla Jagdum høyrdes det ikkje så verst ut. Caroline protesterer.

Framtida møter tre av fire frøkner når dei er i Oslo for eit møte. Gitarist Elise Andersen måtte jobbe, for musikken gjev ikkje dei store inntektene heilt enda.

– Me tar ikkje noko i eiga lomme no, fortel Julie.

For musikartilværet er ikkje så innbringande, eller jo forresten kom det faktisk litt Tono-pengar før jul. Men foreløpig er ikkje konsertar og Tono noko å leve av.

– Me lever på opplevinga, seier Embla.

LES OGSÅ: Platekontrakt, men ikkje vidaregåande

Musikalsk medvind
Møtet i Oslo var gode nyheiter, som dei ikkje vil røpe med det same, men snart skal det kome fram at Frk. Fryd har signert med Sony Music og at det er dette møtet deira nettopp har gått ut på.

Det er ingen tvil om at Stavanger-bandet har vind i segla om dagen. Det vert eit bra festivalår, som opna med Knausfestivalen i Trondheim, før det fortset med By:Larm, Miniøya, Brynerocken og Vindmølle:Larm.

Medvind med andre ord.

Før har dei spelt mest i nærområdet, men no står heile landet for tur. Kanskje vert det ein større turne når den første plata kjem ut til hausten. Dei har allereie spelt inn nokre av låtane, mellom anna førstesingelen Skyene, som sleppast innan nokre månader.

LES OGSÅ: Moddi: Den flygande strikkegenseren

Saka fortset under biletet.


Vokalist Caroline og bassist Embla gjev alt på scena saman med trommis Julie og gitarist Elise. Foto: John Rodger 

Scenekunst
Jentene har lenge stått på scena framfor folk som er eldre enn dei. Første gong dei spelte for ei større mengd folk var under Ungdommens kulturmønstring (UKM) som 12-åringar.

– På opptaket kan ein sjå skrekken i auga våre, fortel Embla.

No er dei vortne meir komfortable og livlige på scena. Dei er nesten for sceneveteranar å rekne, sjølv om det er fyrst no dei legg Noreg for sine føter.

– Då me var 15 såg me ganske uskuldige ut og folk smålo litt når me kom på scena, men når me byrja å spele vart dei stille og gapte, fortel Embla.

For det er ikkje nokre søte popprinsesser eller singer/songwriters som står og klimprar på scena. I låta Blod & Honning, som for alvor har sett dei på det norske musikkartet, startar med refrenget med strofa: «Jeg hater deg må du forstå…»

Bandet vert plassert ein plass mellom punk, rock og pop. Dei har mellom anna vorte samanlikna med punkrockarane i Blood Command, difor er det kanskje ikkje så rart at Yngve Andersen i nettopp Blood Command er produsent.

Stavanger-bølgja
Ei anna samanlikning dei har høyrd gjentekne gongar er Bergensbandet Razika. Ei samanlikning dei ikkje heilt forstår. Det er fire jenter. Som syng på norsk. Men musikken er jo heilt annleis.

Der Razika har søt bergenspop, er jentene i Frk. Fryd påverka av den tøffare Metal-bølgja frå Stavanger. I dette bandet er alle einige om at det er kjekkare å spela litt hardt.

– Det er kjekt å bevise at det ikkje berre er gutar som kan spele hard musikk, seier Embla.

– Ja, og sveitte, legg trommis Julie til.

Men aller helst vil dei ha fokus på musikken framfor at det er fire jenter på ei scene.

LES OGSÅ: Hjartelyd frå 1991

Saka fortset under musikkvideoen: 

Kryss på handa
Utingen med å slå igjennom tidleg er å risikere å bli kasta ut frå konsertarenaen etter at ein har spelt. Eller ein må gå med store kryss, for å vise at ein ikkje kan kjøpe alkohol.

Når dei vart 18 hadde mange av konsertane 20-årsgrense for å kunne selje sprit.

– Dei bør fokusere på musikken framfor spriten akkurat når det er konsert, meiner Embla, som får støtte av venninnene.

– Me burde hatt fleire konsertar for dei under 18. Det er viktig å ikkje gløyme dei yngre, fortset ho.

For dei hugsar alle at det var inspirerande å gå på gratiskonsertar arrangert av Rockcomp då dei var unge musikarar.

Det kommunale fritidstilbodet Rockcomp i Stavanger skal ha dei beste øvingslokala på Vestlandet, ifølgje jentene. Her har dei øvd heilt frå starten og fram til i dag.

– Men det spørs om me ikkje er for gamle snart, undrar Julie.

Dei håpar å få vere der litt til. Gratis og gode øvingslokalar har vore inspirerande for Frk. Fryd.

LES OGSÅ: Stavanger best for born og unge

Før Frk. Fryd
Det er i desse øvingslokala den punka stilen har vorte utvikla frå ein litt meir “poppete” start. Den gong var det storesyster til Embla, Eli Cleve, som skreiv dei fyrste tekstane.

No skriv dei tekstane sjølve. Med ti år i same skuleklasse og åtte år i same band har dei vorte ei samansveisa gruppe, der alle bidreg i låtskrivarprosessen.

Dei har vorte Frk.Fryd. Bandnamnet er ein annan ting storesystera til Embla har på samvitet. Det er dei svært nøgd med. Første året kalla dei seg noko anna. Det første bandnamnet skal ingen få vete. Det er for flaut. Flauare enn hotmail-adresser ein laga på barneskulen. Takke seg til Frk. Fryd.

– Musikken er ikkje akkurat full av fryd, men me fann ut at me passa Frk. Fryd ganske godt, sidan me er jenter som syng på norsk, seier Caroline.

Sjå musikkvideoen til låta Baandtvang under:

Faktaboks

Frk. Fryd

• Punk-rock-gruppe frå Stavanger

• Består av: Vokalist Caroline Ekeli, gitarist Elise Andersen, bassist Embla Jagdum og
trommis Julie Enger Børresen.

• EP-debuterte med Baandtvang i 2012

• Vart A-lista på P3 med Blod & Honning frå EP-en Tell dine skritt igjen (2013)

• Gjev ut si første plate hausten 2014