Vikarar får raskt jobb

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mange trur at vikarar går frå det eine kortidsengasjementet til det andre i lang tid og at dei har ein svært usikker jobbsituasjon. Statistikken syner noko anna. Dei fleste jobbar i tre månader som vikar før dei går over i faste jobbar, seier fagsjef Even Hagelien i NHO Service, som organiserer bemanningsselskapa i Noreg.

Drygt 100 000 personar jobba som vikarar i kortare eller lengre tid i 2011.

– Berre ein liten del av dei blir verande i bemanningsbransjen i meir enn eit år. 70 prosent av vikarane har som mål å skaffe seg fast jobb, og svært mange lukkast med det.

Bemanningsbransjen er ein svært viktig inngangsport for svært mange, meiner han.

– For arbeidsledige er vikariat eit høve til å vise seg fram for nye arbeidsgjevarar. For dei som skal ut i arbeidslivet for første gongen er vikariat eit høve til å skaffe seg røynsler på arbeidsmarknaden, seier Hagelien.

Han syner til at ti prosent av dei som tek kontakt med eit bemanningsbyrå får jobb same dag, medan nesten halvparten får tilbod om oppdrag innan ei veke. Innan ein månad har heile 79 prosent fått jobb.

– Dette er svært gode tal og syner at bemanningsbransjen både er ein god og effektiv veg inn i arbeidslivet, seier han.

Drahjelp

Laila Pervaiz har i dag draumejobben som helsesekretær på Rikshospitalet i Oslo. For to år sidan var ho nyutdanna og utan jobb.

– Eg søkte ledige jobbar overalt, men fekk ikkje napp. Mange arbeidsgjevarar svara ikkje i det heile, medan andre sa dei trong folk med meir røynsle enn meg.

Les òg: Sjekkar arbeidstakarane på Facebook

Ein venninne tilrådde henne å ta kontakt med bemanningsselskapet Lena sine HelsePersonell.

– To dagar etter intervjuet hos Lena sine, hadde eg vikarjobb på Rikshospitalet. Det var nesten uverkeleg at det ordna seg så fort etter den lange perioden der eg freista å skaffe meg jobb på eiga hand.

I dag har Pervaiz fast jobb same stad.

– Det var målet mitt heile tida. Men det hadde eg ikkje klart utan hjelpa frå bemanningsselskapet. Først når dei gjekk god for meg og tilrådde meg til ein arbeidsgjevar, opna høva seg, seier ho.

Korte periodar
– Dette illustrerer det som er hovudregelen i bemanningsbransjen. Veldig mange arbeider som vikarar i avgrensa periodar og nyttar bransjen som ein inngangsport til arbeidslivet, seier Even Hagelien i NHO Service.

Uavhengige rapportar om bemanningsbransjen frå Fafo og Econ stadfestar at det er få vikarar som blir verande i bransjen over lang tid.

– Åtte av ti som sluttar går over i jobb i kundebedrifta eller i ein anna føretak. Det er òg slik at oppdraga som blir tilbode gjennom vikarbyråa har kort varigheit. Innleige av arbeidskraft er berre er lov når det er mellombels behov, seier Hagelien.

LO: Manglande tryggleik
– Den einaste studien som er gjort på feltet i nye tida, seier følgjande: ”I kva grad tilsetjingar gjennom vikarbyrå fungerer som eit springbrett for seinare fast tilsetjing, gjev rapporten ikkje svar på. Det finst undersøkingar som viser at ein innleieperiode gjer det lettare å få fast jobb, men det finst òg undersøkingar som seier at dette ikkje er tilfellet ” (ADs høyringsnotat frå september 2010), seier LO-sekretær Kristian Tangen til Framtida.

Tangen er meiner at mange av dei som leigast ut av bemanningsbyråa, ikkje er reelle vikarar, men leigast ut for å gjere arbeid som ikkje er av mellombels varighet, noko som er ulovleg.

Les òg: Utdannar seg til ulovlege vikariat

– I LO får vi frustrerte attendemeldingar frå medlemmane våre som er mellombels tilsette om manglande tryggleik for arbeid og inntekt, kjensla av å vere ein del av B-laget, lite tryggleik om framtida og manglande høve til å kjøpe bustad og stifte familie, osv. Det er særleg kvinner og ungdom som blir ramma.

– For LO er det difor viktig at alle arbeidstakarar skal ha rett til fast stilling, avsluttar Tangen.

Andr kjelder: Newswire.