Vier litteraturfestival til oljå

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Under Stavangers internasjonale festival for litteratur og ytringsfridom kjem oljen til å vere det gjennomgåande tema, melder offshore.no. Ifølgje nettstaden meiner festivalsjef Espen Røsbak at debatten i dag er for snever, med klima og økologi på den eine sida, og økonomi på den andre.

LES OGSÅ: Oljeforsking kan bli stempla som uetisk

– Olje er veldig interessant, sett frå dei fleste perspektiv. Ikkje berre industri og produksjon, men også konsekvensane for samfunn og kultur. Oljen har endra den vestlege kulturen og har samstundes store ringverknader for økologien. Den norske økonomien er svært prega. Det same er Stavangers identitet, seier Røsbak til offshore.no.

Han meiner dette gir arrangørane av ein festival om litteratur, samfunnsliv og kulturelle trendar mykje å ta tak i.

LES OGSÅ: FN: 2013 det sjette varmaste året

Ved å setje oljen under lupa håpar Røsbak å fordjupe diskusjonen og opne for fleire nyansar. Ikkje berre vil han setje ord på kva som har skjedd med Stavanger og Noreg på bakgrunn av oljerikdommen, men han ønsker også å få fram ny teknologi og skaparkraft.

Kapittel, som går av stabelen i september, er blant Noregs største litteraturfestivalar. Sidan oppstarten i 1995 har festivalen sikta mot å vere ein engasjert festival, der ytringsfridommen skal gjennomsyre programmet og leie til å kaste ljos over brennbare tema frå fleire krokar av verda.

I tillegg leitar festivalen etter det nye norske, og vil ta vare på dei sjangrane som ikkje får mest merksemd i offentlegheita. I fjor medverka mellom andre forfattarane Agnes Ravatn, Amal Aden, Dag Solstad og Are Kalvø.

LES OGSÅ: – Eit gjennombrot for samisk