Vi veit for lite om arktiske fisk

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar finn stadig nye fiskeartar i arktiske havområde, skriv Videnskap.dk og Forsking.no.

Ved UiT Noregs arktiske universitet har forskarar no vurdert 755 fiskeartar i Arktis. Dei har dermed laga den største samla oversikta over artsmangfaldet blant arktiske fisk, ifølgje professor Jørgen Schou Christiansen ved UiT.

– Svært avgrensa kunnskap
Medan somme av artane er talrike, deriblant polartorsken, finst andre kun i eitt eksemplar i ei museumssamling.

– Diverre er kunnskapen om arktiske fiskeartars livshistorie, fødeøkologi og korleis dei vert påverka av klimaendringar svært avgrensa, seier Schou Christiansen til Forsking.no.

LES OGSÅ: Du kan faktisk døy av hjartesorg

Schou Christiansen er blant forskarane som har undersøkt 120 ferskvassfisk og 635 marinefisk frå arktiske og subarktiske område. Han fortel at det forskarane tidlegare har trudd var ulike artar, har synt seg å vere ein og same art.

– Ein må altså ha solid kunnskap for å kunne bestemme kva art ein fisk høyrer til, seier han.

LES OGSÅ: No kan kveiten bli betre

For å avgjere kva art fisken er, må forskarane kjenne til ytre trekk, som kroppsbygning, fargar og leveområde. For å verkeleg forstå kva rolle artsmangfaldet spelar, må ein i tillegg kartleggje fysiologiske og genetiske eigenskapar, ifølgje professoren.

Ukjend påverknad frå seismikk
Til dømes er det førebels også ukjend korleis arktiske fisk vert påverka av seismikk, som ofte vert brukt av oljebransjen for å leite etter olje og gass.

Schou Christiansen, som er uroa for bruken av seismikk i arktiske farvatn, seier det er relativt godt dokumentert at fisk og havpattedyr endrar åtferd og vandringsmønstre i område med seismisk aktivitet.

– Fysiologiske skader på fisk som følgje av seismikk er ei heilt anna sak. Nokre artar vert skada, medan andre ikkje vert det, seier han.

LES OGSÅ: 45 år sidan månelandinga